
Fødd som sjakkbrikke
Å vera fødd som sjakkbrikke
Bli stild opp på eit rutete brett,
bare stå der på geledd
mellom kongar og dronningar,
biskopar og hestar
som ein av mange soldatar.
Stå der og venta på dei store hendene,
dei hårete, rynkete hendene,
med arr og med dyre ringar på fingrane,
venta på at dei skal rykka deg brutalt opp
til inntekt for neste trekk.
Venta på at dei skal setja deg ned,
ein utsett plass der dei finn det for godt,
Kviskra deg i øyret at du er plassert mellom fiendar.
Du skal slå dei om du kan,
eller sjølv bli offer.
Kva om nokon då påstod
at dei ikkje har snakka sant til deg,
at du var meint å vera menneske?
Heidi
Kommenter innlegget