Om den siste porten skulle opna seg



Den siste porten
Om den siste porten
skulle opna seg ein seinsommardag
og korpsmusikanter med marsjtonar
akkurat skulle gå forbi i uniformane sine.
Om ein dueflokk
som sit tett saman på gata akkurat då
skulle letta og fylla himmelen
hemmelege skriftteikn,
før det opnar seg ein symfoni
av vennlege mjuke regndropar.
Medan Frans av Assisi let solsongen tona
og syster død kjem køyrande med vogna si,
med eit ømt smil,
fullt av medkjensle og venteglede,
klar til å ta i mot,
medan dei sistevare munnspeltonana
pakkar seg mjukt rundt livet og døden.
Om den siste porten skulle opna seg
for eksempel ein seinsommardag,
skal me andre stå her med tårevåte auge
for å helsa deg takk for fylgjet,
og god tur over i lyset.
Heidi
Kommenter innlegget