Gå til innhald

Stor og rund sølvfarga fullmåne

juni 6, 2009

heng like over horisonten i aust medan sola fargar himmelen med gult og oransje og gull over havflata i vest. Den opne, store juniblå natthimlen ligg som ei stor osteklokke over grøne enger og markblomane i grøftekantane.

Me er inne i den månaden då me ikkje burde sova fordi det er alt for vakkert ute, men samtidig er me inne i den månaden eg alltid ber på eit visst søvnunderskot og helst burde legga meg grytidleg.

I går kveld var eg på sommaravslutning. Det kjennest som om desse årlege festane med personalet kjem i tette rekkjer. Var det verkeleg eit år sidan sist? Det er svimlande å plutseleg vera planta i den aller vakraste årstida att. Eg var jo nettopp der, og så med eitt er eg her igjen og ser meg litt fortumla rundt.

Me hadde ein fin kveld med grilling av sommarmat, allsong og dans. Jan Ivar song “Woman in red” for meg saman med plata medan me dansa, og det kunne ha vore meg, for den raude silkekjolen låg klar i veska med høghæla raude skor, men eg kom aldri så langt at eg fekk skifta av meg dongeribuksa etter grillinga.

Kvelden gjekk forferdeleg fort, men eg takka nei til å bli med på nachspiel etterpå. Eg var trøytt etter travle veker, men det var så lyst og fint ute. Eg lengtar etter lange, lange kveldar med late morgonar etterpå. På slike kvelder skal ein sitja på ei trapp eller på ein stein langt ute i havgapet og føra lange samtalar medan natta langsomt går mot neste dag. Gitarspel og allsong kan og duga, eventuelt lange turar i måneskin heilt til det begynnar å bli lyst att.

Dette var dagen då eg skulle rekka det meste. Og noko har eg rukke, men langt frå alt… Eg har fått rydda og vaska stova og kjøkkenet. Så har eg og Ingrid vore på handlerunde. Først var me innom eit gartneri og kjøpte bleikrosa og lyseblå blomar. Så kjørte me til eit kjøpesenter og handla god mat.

Eg har planta blomane i det store bedet mpt vegen. Det er ei besynderleg blanding der av alle slags blomar i alle slags fargar. Så får me sjå til slutt om det blir kreativt, frodig og fargerikt eller bare rotete.

Dei store ungane er rett og slett blitt så store at det er heilt ok å vera heime ein laurdagskveld utan å kjenna at ein går glipp av noko stort. Både Odd Christian, Ingrid og Oddvar har vore i lag med oss her heime i kveld. Me har ete heimelaga pizza og kvitlauksmarinerte scampi. Så har me spelt alias og steikt vaflar. Det høyrest sånn omtrent overdrive idyllisk ut, og var veldig koseleg. Så var me ute og øvelseskjørte med Ingrid langs landevegane ute ved kysten, samtidig med at sola gjekk ned i havet. Nå sit eg her og prøver å festa ein fin dag til den digitale skriveblokka mi. Det er ikkje heilt lett med ein malande katt som insisterer på å spasera fram og tilbake på tastaturet medan ed skriv.

Månen er blitt bleikgul, og himmelen mørk indigo. Månen står i akkurat den vinkelen der ein ser andletsdraga hans mest tydleg. Eg trur han smiler.

Heidi

From → Uncategorized

15 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Nettopp heime fra vakt og lot meg og bergta av den flotte månen som hang låg og stor på himmelen ❤ juninetter er noko av det vakraste eg veit <3<3<3

  2. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Nettopp heime fra vakt og lot meg og bergta av den flotte månen som hang låg og stor på himmelen ❤ juninetter er noko av det vakraste eg veit <3<3<3

  3. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Nettopp heime fra vakt og lot meg og bergta av den flotte månen som hang låg og stor på himmelen ❤ juninetter er noko av det vakraste eg veit <3<3<3

  4. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Nettopp heime fra vakt og lot meg og bergta av den flotte månen som hang låg og stor på himmelen ❤ juninetter er noko av det vakraste eg veit <3<3<3

  5. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Nettopp heime fra vakt og lot meg og bergta av den flotte månen som hang låg og stor på himmelen ❤ juninetter er noko av det vakraste eg veit <3<3<3

  6. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Nettopp heime fra vakt og lot meg og bergta av den flotte månen som hang låg og stor på himmelen ❤ juninetter er noko av det vakraste eg veit <3<3<3

  7. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Nettopp heime fra vakt og lot meg og bergta av den flotte månen som hang låg og stor på himmelen ❤ juninetter er noko av det vakraste eg veit <3<3<3

  8. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Nettopp heimkomen eg og. Men ikkje så mange ganger som deg May Brit. Og eg har ikkje hatt vakt forståss

  9. Ukjend's avatar
    Emma permalink

    Lengtar til Jæren.
    Er no på vakt og har stjele meg ti minutt med andedrakt og cola light. Den eine pasienten eg har i dag er så fornøgd at han har fått drikka kaffe, vore på do og dusja. Slikt blir satt pris på då ein har vore gjennom ein stor kreftoperasjon. Respekt.

  10. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, respekt. Nå lurer eg på om eg skal plukka vekk nokre av duplikata til May Brit, det går liksom litt utover humoren i Gunn sitt innlegg då… men ja juninetter er heilt spesielle. Han har fanga noko han som skreiv i diktet: Mens Gud ennå trodde på menneskene skapte han juninettene…

  11. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Og forresten Eva Mari, du burde ta lengten din på alvor og gjera noko med han. For ikkje å snakka om deg Torun, dersom du skulle lesa dette.

  12. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Eg var sikker på at eg eg ikke klarte å legga inn kommentaren då eg skreiv han – må ha våre månemagien som satte teknologien ut nokre øyeblikk 😉

  13. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Fortell pasienten din om alt det vakre som venter henne i den verden som ventar henne utanfor vindauga på sjukehuset. Eg huskar at eg fekk krefter av å tenka på at der ute – utanfor glaset – ligg ein annan og mindre fryktlaus verden og ventar på meg. Ein verden som ikkje er så tett innpå den andre sida. Det var slik ein god sterk kjensle….

  14. Ukjend's avatar
    Emma permalink

    Litt av årsaken er at eg les Kompani Orheim og Jarle og Helge har brote ut frå resten av klassa, medan dei er på klassetur på Jæren. Dei har no sagt høgt at dei er kommunistar med klare anarkistiske innslag.
    Eg kosar meg med boka, sjølv om eg har ein eksamen å levere onsdag.

  15. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det er ei veldig fin bok, Emma. Det er heilt klart sunt å tenkja på andre ting enn eksamen innimellom.

Kommenter innlegget