Gå til innhald

Det luktar mold i august

august 19, 2026

August er ein heilt spesiell månad, med tyngde av mogning og vemod.
Eg har akkurat kome heim etter å ha gått tur i eit par timar. Det var så fint ute.

Langs tjødna såg eg ein flott dagpåfugløye- sommarfugl, eg prøvde å få teke eit bilete av han. Så oppdaga eg at det var mange av dei, sikkert sju-åtte stykker. Det var andre sommarfuglar og, Ein admiral, eller kanskje det var ein neslesommerfugl og sitronsommarfuglar. Det var mange ulike humler og bier i blomane, og libeller flaug over vatnet.

Eg låner orda til Einar Skjæråsen: August er det mykeste, myke jeg kjenner. Myk som sorg og som kjærlighet.

Og så låner eg ut eigne ord i eit par dikt under i tilfelle nokon skulle ha bruk for dei slik eg hadde bruk for Skjæråsen sine.



Det luktar mold i august

Det luktar mold i august,
det luktar høy og komande haust.
Det tålmodige livet
står her med føtene i bakken,
med mogning i dei opne hendene,
med klokskap i blikket og korngult hår.

Me plukkar store bukettar
av solnedgang og nåde,
me takkar Herren over haust og sommar
og Skaparen av liv,
for at me er her,
for at jorda framleis kan bera.

***

Draumen eg ber på

Eg vil plukka rips og bringebær.
barbeint i hagen
med sol i ansiktet
og gras under føtene.

Eg vil fletta kranser
av løvetann og markblomar
og setja dei i håret
på meg og mine barnebarn.

Eg vil klappa ein katt som går forbi,
så vil eg sykla
med vind i håret
og eit barn i barnesetet,
fort langs steingardar,
på grusveger til havet,
og bada i store bølgjer.

Eg vil skriva salmar i sanden,
og la tidevannet vaska dei ut.
Dei viktigste skal eg nok hugsa
sjølv om eg har gitt dei til havet
og til Gud.

Når kvelden kjem med milde vindar
vil eg henta fram saxofonen,
stilla meg under eit stort tre
og spela jazz og blues,
og lange bøner
rett frå magen og frå hjartet.

Vinden skal bera tonane med seg
heilt til sola går ned
over meg og mine falmande minne.

Eg skal kyssa mine barnebarn
og bera dei i seng,
dersom dei har leika
lukkeleg heilt til nå
og ingen har lagt dei.

Så skal eg setja meg på taket
og skriva lange dikt til sola vaknar.

Eg skal leggja meg på ryggen
i det grøne graset,
og kjenna at eg bur
midt i den store blå gledesperla.

Så skal himmelen fyllast
med fargar og med skyer
fulle av forteljingar.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget