Gå til innhald

Heilskapen i eit menneskeliv.

juli 3, 2009

Dagen har i sitt heile fram til nå blitt via aktiviteter på terrassen i strålande sol. Det har vore herleg. Nå får eg prøva å hanka meg inn til litt anstendig innearbeid medan det framleis heiter i dag…

Me har feira Ingrid med deilig grill- lunsj. Heile familien var der saman bortsett frå Sunniva, som nå er i Hellas på andre veka. Eg saknar den blide, milde tilstadeversla hennar. Ho sende helsingar på lånt mobil, og fortalde at hennar eigen mobil har takka for seg. Det er jo ein fornuftig grunn til at eg ikkje har fått svar på meldingane mine. Det høyrest ut som om ho har det bra der nede. Ho får litt av ein sommar, først tre veker i Hellas, så to veker i Spania, før ho avrundar med ei veke på teltleir på Sørlandet.

Etter lunsjen fekk me det for oss at me skulle finna ut kven som hadde best tak på moonwalking. Eg vann ikkje, men eg trur ikkje dei andre ville blitt nominerte til nokon finale heller…

Nå høyrer eg dei tre gutane mine koma heim frå VM i sandvolleyball. Per Inge hadde fått gratisbillettar og inviterte. På spørsmål frå meg svarar Odd Christian at det var kjekt. Ingrid og Oddvar er ute og feirar Ingrid sin dag på kinarestaurant i lag med venner.

I går fekk eg faktisk rydda soveromet. Og ein stad i haugen av ventande litteratur fann eg “Veven” av Martin Lönnebo, som eg har sakna sårt medan ho har ligge bortgøymt. Eg la meg på magen på terrassen og las dagens tekst. Det eg fann var så fint at det fortener å bli sitert:

“Menneskeverdets bøddel i dag er ikledd avgrensningens kappe. På den står det skrevet: “Mennesket er bare…”
Her kan en fylle inn hva en vil; “et biologisk vesen” “180 cm aminosyrer.”

Den uforlignelige katedralen i Chartres er mer enn den kjemiske formelen for stein og glass…

To dyder i dag er truet av utrydningsfare:
forundring og ømhet.
De står i motsetning til reduksjonismen og kynismens gift.
Gled deg over engelen inni deg, selv om den er såret.
Kjenn ømhet for den sårbare kroppen som er dømt til døden…

Hvordan skulle vi kunne annet enn å ha medlidenhet for hverandre?

Vær en forbeder for alt og alle.
Gjør som bror Frans av Assisi.
Se på helheten som din slekt, for det er den.
Lovpris bror sol, selv om han skjules av grå skyer.
Sover du dårlig om natten, så vit at du deler din nattevåk med søstrene Måne og Stjernene, og for noen flotte damer…

Eg har fått lese to bøker i dag ute i sola. Og nå har eg ein slags oversikt over barneopplegget på Solgården. Det kjem sakte sigande på plass det meste…

I går var eg hos Jan Ivar. Me skulle sjå ein av Marilyn Monroe. filmane hans. Men eg sovna på den gode sofaen hans og måtte prøva å lirka til meg eit handlingsreferat etterpå… Det var så fint ute då eg gjekk heim litt før halv to om natta.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Torun permalink

    Gratulera så mykje med Ingrid!!! Hels!

  2. Heidi: permalink

    Det skal eg Torun. Las akkurat on Nedstrand i Aftenbladet og drøymde meg tilbake.

  3. Heidi: permalink

    Eg fekk bare lyst tll å koma med ei saksopplysning her på eigen blogg. I går oppdaga eg plutseleg at bare første del av teksten eg hadde skrive låg ute på nettet. Fordi eg ikkje har vent meg til å skriva i ei anna fil og lime inn teksten etterpå, legg eg mest alltid ut teksten trinnvis slik at eg ikkje mister alt dersom noko går gale. Viss du lurer på om teksten er ferdig, så sjå etter signaturen. Det siste eg gjer når eg skriv ein tekst, er å setja namnet mitt under. (Kanskje eg burde begynna med kopier og lim inn…)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: