Gå til innhald

Luke sytten

desember 18, 2010

Bak luke sytten fann eg:

Koselege timar med julepost og kalendarar

Ein katt som ville vera med

Eit tastatur som ikkje ville vera med

Fin musikk

Julelunsj med kulturskulelærarane

Julefest med salsadansarar

Når eg sit og skriv, kjem  Cleopatra, katten vår. Ho insisterer på å ligga mellom meg og skjermen. Helst vil ho ligga oppå tastaturet. Det fører vel kanskje til at det går ekstra mykje straum til det trådlause tastaturet. Ikkje veit eg, men plutseleg var batteria flate att, og det var ikkje lenge sidan sist det skjedde. Musa virka framleis, men ikkje tastane. Eg kunne bare bruka macen til å høyra musikk via linkar som låg der allereie. Eg høyrde mykje på Kristin Asbjørnsen. Ho har ein fantastisk stemme. Eg tok tastaturkrasjet som eit teikn på at eg skulle jobba utan datamaskin i går. Eg sette meg i staden til med julebrev og kalenderproduksjon. Det var koseleg.

Så var det ut i det usannsynleg kalde veret. Her me bur kan det vera frykteleg kaldt med bare eit par minusgrader fordi det kan blåsa så kaldt, og luftfuktigheita gjer at kulda går gjennom marg og bein. Me åt deilig tacosuppe heime hos Inger, og etterpå var det deilig moltekrem, krumkaker, lefse og gome. Eg vurderer sterkt å koka gome før jul, men ikkje sei det til kjærasten min. Han synest eg har nok å gjera før jul, og som den austlendingen han er, så kan han ikkje utstå gome… Eg satsar på at han ikkje har tid til å lesa her så tett innpå jul.

At eg omgåst ein gjeng pasjonerte salsadansarar kunne jo ha sagt ein heil del om meg. At det i grunnen ikkje gjer det i det heile tatt, treng eg jo ikkje skriva. Men det vart ein koseleg kveld sjølv om danseferdigheitane ikkje er noko av det eg  heiser høgast opp i flaggstonga. Seine kveldar og julerot. Det er meg på denne årstida. Eg trivst viss godt med det sidan det alltid er slik det blir. Og sånn får det få vera.

Eg minner om at alle med ein konsulent i magen, eller mellom øyrene kan henda, jan klikka på «Luke fjorten» i menyen og koma med ein kommentar om eit eller fleire av dei sju dikta der. Så sant det på den eine eller andre måten blir ei diktsamling etterkvart, skal eg trekkja ut tre av dei som har hjulpe meg med tilbakemeldingar til å få ei gratis diktsamling i posten eller i handa…

Heidi

4 kommentarar
  1. Leif permalink

    Gome??

  2. heidi permalink

    Ja,nå kan du bare gleda deg, kjære…

  3. Torhild permalink

    Klart du må koka gome til jul – det har eg gjort – og du skal fåsmaka om du rekk innom 2.dagskveld…..

  4. heidi permalink

    Det gjer me. Eg sender deg ein sms forresten,i tilfelle du ikkje les denne meldinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: