Gå til innhald

Stakkars vesle Oscar

februar 23, 2011

Då mopsevalpen kom til heimen sist i oktober hadde han med seg papirer på at han var frisk og dyrlegeundersøkt, og at dei ikkje visste om sjukdomar i familien på stamtavla hans.

For snart to veker sidan oppdaga Ingrid at han halta litt og ikkje tråkka skikkeleg ned på den eine foten. Han vart teken til dyrlege, der dei ville sjekka han med røntken. Til vår forskrekkelse viste det seg at han hadde ein arveleg sjukdom, Calve Legg Perthes sjukdom, som gjer at hofteledda blir disformerte. Den eine hofta var ganske sterkt angripen, og dei anbefalte operasjon snarast mogleg.

I går klokka ti leverte eg og Ingrid han til operasjon. Dyrlegen rekna med at det skulle gå bra, men fortalde at det var ein stor operasjon, og at slike alltid var forbundne med ein viss risiko. Me vart bedne om å legga att eit telefonnummer når me gjekk, slik at dei kunne få tak i oss om det skulle vera noko. Ingrid klappa han til han sovna av den første narkosesprøyta, så vart me sende på byen med beskjed om at me kunne henta han om to timar.

I to timar gjekk me på nåler og var redde for å få ein telefon med dårleg nytt. I alle fall gjorde eg det. Me hadde lese at mopsar ikkje alltid tolte så godt narkose på grunn av tronge luftvegar. Ingen av oss hadde sove spesielt godt natta før. Men me tumla rundt på eit kjøpesenter og fekk handla litt før me sette oss med kaffi og varm sjokolade for å venta til det vart hentetid.

Vel framme fekk me koma inn til ein sovande valp som låg intubert med slange i halsen. Han løfta forsiktig på augneloka då Ingrid sa namnet hans, og tre kvarter seinare var me på veg heim med ein lett klynkande Oscar innetylla i eit haldkle.

Heldigvis hadde det gått bra, men hofteleddet var endå meir deformert enn venta. Dei reknar likevel med at han vil få god rørlegheit tilbake i beinet. Men dyrt er det med sjuke små hundar, heldigvis er han forsikra, og selgjaren, som er full av medkjensle er villig til å vera med å dela eigenandelen. Sidan sjukdomen debuterer først mellom fem og åtte månadar, så er han utan skuld i det inntrufne.

Dei anbefalar at Oscar etterkvart skulle få massasje av ein hundemassør for å bearbeida musklane etter operasjonen. Det kjem og til å kosta litt. Då me kom heim kunne han ikkje røra bakbeina på grunn av ryggmargsbedøving, men utpå ettermiddagen hinka han rundt på tre bein, og åt to måltid med stor appetitt sjølv om dyrlegen meinte han ikkje kom til å ha lyst på mat første dagen.

I dag har eg vore dagmamma for det vesle gullet medan Ingrid har vore på skulen. Han har vore overraskande glad og opplagd, sjølv om høgrebeinet heng og sleng som eit vedheng, så prøver han tydeleg å bruka det. For ein livsglede, for det må vel nødvendigvis verka ganske mykje i eit bein som vart meisla ned i går og eit stort operasjonssår. Men ikkje eit klynk. Han har gått til døra for å gå ut og tissa heilt som vanleg, og har venta utålmodig på maten sin.

Og eg som aldri har rekna meg som eit hundemenneske er heilt solgt. Han har ikkje vore aleine eit sekund heile dagen, og hjarta mitt blør for små opererte valpar. Eg kryssar det eg har av fingrar og tær for at han vil bli like frisk som før, og at sjukdomen ikkje slår til på den andre hofta. Heldigvis hadde me ingen ambisjonar om å bruka den vesle prinsen til utstillingar eller avl.

Heidi

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Å, jag vet! Man fäster sig nåt alldeles väldigt vid dem!
    Håller tummarna att allt går väl!

  2. emma permalink

    Stakkars Oscar Otto…Føler med dåkke

  3. heidi permalink

    Heldigvis så er han i endå litt betre form i dag. Tek forsiktig nedi golvet med den vonde foten, det er så eg begynner å tru at det som bare hang og slang i går skal bli eit nytt og funksjonelt bakbein igjen. Og så glad og entusiastisk han er att, akkurat som vanleg. Hundar må ha ein smerteterskel av ein annan verden, for ganske mykje vondt må det vel gjera sjølv om han får smertestillande.

  4. Scylla permalink

    Nej men, lille voffsingen då!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: