Gå til innhald

Galleribesøk, solidaritet og gamlebyen i Gdansk

juli 15, 2014

image

Hotellet me bur på har ikkje frokost, og på veg ned hovudgata for å finna ein koseleg frokostplass vart me underholdt av ein gatemusikant og hunden hans.

image

Bente hadde anbefalt oss frokost på kafeen på det gamle sanatoriet. Det var ein kjempetriveleg plass som eg anbefalar andre som skal til Sopot.

 

image

Litt rufsete turist. Er det fleire enn meg som alltid er finare i spegelen enn på bilete? Mystiske greier det der…

Me var og blitt anbefalte å besøkja Pansnowa galleriet. Der var det tre etasjar med fine utstillingar.

image

Dette er eit av fleire sterke portrett laga av fotografen Robert Wolanski. Det som er litt spesielt er at portretta rett og slett er resultat av fotografering med mobiltelefon.

På maleriutstillingane var det ikkje lov å fotografera, men på skulpturutstillinga i tredje etasje var det lov.

image

Wladyslaw : Pieta of Earth.

image

Antony Kenav: Feminity.

Etterpå tok me tog til Gdansk. Det første me gjorde var å besøkja solidaritetsmuseet som var eit veldig interresant museum om utviklinga i Polen i etterkrigstida.

imageimage

Om situasjonen i Sovjettida då det var køar og matmangel.

image

Og om prosessen som ende med at dei kunne snu Leninstauen mot ein vegg og seinare bli kvitt han.

I den fine kyrkja hadde Pave Johannes Paul 2. fått bilete på veggen og eige helgenkapell. Han er jo blitt helgenkåra for ikkje så lenge sidan.

imageimage

Gamlebyen i Gdansk vart bomba heilt ned under krigen, men er bygd opp att i gammal stil. Helst ville eg skrive mykje meir, men nå får eg besinna meg… I morgon dreg me vidare.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: