Skip to content

Det varme og det kalde

januar 17, 2016

image

Plutseleg bur me i «Winterwonderland.» Ute er det snø og minusgrader og sola skin. Slikt er ikkje kvardagskost for dei av oss som høyrer til her i dette hjørnet av verda. I går var eg og Astrid ute og gjekk tur i Sandtangen. Det seier vel mest om meg at desse greinene med kald snø minde meg om vaffelhjarte…

 

Dagen i dag er sett av til skrivedag saman med eit anna skrivande menneske. Planen vår har vore å gjera ferdig barnebokmanus som me skal senda til ein biletbok-konkurranse. Derfor vart  det radioversjonen av sundagsgudsteneste. Det er eg glad for, for det viste seg at det dei hadde å by på i dag var klimagudsteneste frå ei kyrkje på Osterøy. Det var så fint. Noko av det dei sa rørde meg sterkt. Det vart sagt at undersøkjingar viste at folk som gjekk ofte i kyrkja var over gjennomsnittet engasjerte i klimakampen. Eg veit ikkje om det stemmer, men det gleder meg dersom det er sånn. Ei av bønene som vart lesne måtte eg skriva ned:

Me kjenner på avmakt, likesæle og apati, finn oss og inspirer oss med din kjærleik.

Det er ei bøn eg har stort behov for å gjera til mi eiga. Livet har vist at menneske som lever under vanskelege levekår opplever at trua er viktig for dei i større grad enn me som har levd beskytta liv og lett kviler oss i likesæla. Mange av oss kjenner på at verda, om me løfter blikket og ser på det som ikkje gjeld oss og den næraste familien, har blitt meir komplisert og utfordrande dei siste åra. Det er så mykje urett og så mange utfordringar som kan synast for store for oss, og me syng med Sigvart Dagsland «Ka kan eg gjørr, eg e så liden.»

Eg har og lyst til å sitera noko Sunniva skreiv på instagram i går:
I går stod eg utålmodig i kø på posten. Det var bare ein mann framfor meg, men det han skulle gjere var tydelegvis vanskelig å få til. Han snudde seg beklagande til meg, sa han måtte sende noko heim til mor si.

Eg spurte kor han var frå, direkte som eg er, og han svarte Hellas. Eg responderte med å seie at det er eit vakkert land, han snudde seg mot meg igjen, smilte med munnen, auga var fulle av sorg og desperasjon. Eg veit ikkje kva som skjedde i meg, men det var så vondt. Så vondt å sjå eit lite innblikk i smerta han ber. Bare ut i frå eit blikk, liksom.

Kjære Gud, kan du bare fikse verda? Ver så snill, me får det ikkje til sjølv.

Ulikskapane blir bare større, og dei internasjonale interessane i å hjelpe kvarandre ser bare ut til å vere grunna i grådigheit og egoisme. Eg veit ikkje eg. Av og til kjenner eg bare på ei evig håplausheit, endå eg er heilt vilt heldig.
(Sunniva Lovise Harboe)

image

Det er så lett å kjenna seg avmektig. Eg sluttar meg heilhjarta til Sunniva si bøn:
«Kjære Gud, kan du bare fiksa verda? Ver så snill, me får det ikkje til sjølv».
Vidare tenkjer eg at så lenge verda står så er Gud sine vegar å handla gjennom menneske. Eg kjende meg djupt berørd av gudstenesta i dag, eg trur det å berøra er det gode sitt vesen i ei verd som kjennest kald. Me treng noko å varma oss på, men er sterkare enn me trur når det verkeleg gjeld.

Og eit av blendverka i vår tid er at me blir så frykteleg sjølvsentrerte. Nå snakkar eg minst like mykje om meg sjølv som om alle andre dersom nokon skulle lura på det. Det gjorde vondt å sjå det første programmet i serien «Sykt perfekt» om unge jenter som slit livet av seg for å få til å vera perfekte nok. Det er hjarteskjerande å høyra om nokon som ikkje ein gong torer å gå på treningssenteret før dei har brukt lange tider framfor spegelen for å sminka nasen sin heilt til han ser smalare ut. Me er forblinda til å tru at vår viktigste oppgåve i livet vår eg å prestera det å vera vellukka.

I gudstenesta i radioen song og las dei ei salme som nesten fekk nytt innhald for meg i dag. Eg sluttar med å sitera frå denne. Salmen er skriven av tidlegare biskop Per Lønning som kanskje er ein av dei første sterke stemmane i den norske kyrkja som verkeleg mante til kamp for miljøet. Teksten er skriven alt i 1969.

Gud i en tid da alle krefter røynes
ber vi om håp i hele verdens strid,
der ingen lysning over veien øynes,
Gud, vær oss nådig nær i denne tid.

Gud i et år da luft og vann forgiftes,
og ingen rettferd eller likhet rår,
når blant nasjoner verdens brød skal skiftes;
Gud, vær oss nådig nær i dette år.

Gud i en stund når tusener går trette,
vekk oss! La ordet av din egen munn
slå ned og rope oss brutalt til rette!
Gud, vær oss nådig nær i denne stund.

Gud på en dag, da alt vi før har famlet,
når oss igjen i nye nederlag,
hør når vi ber, i helligdommen samlet,
Gud, vær oss nådig nær på denne dag.

Gud, på en jord som snart kan gå til grunne,
rens du vår tanke og vår politikk,
i Jesu navn: Gjør våre viljer sunne!
Gud kom oss nær i dette øyeblikk.

Per Lønning

24150234755_b8f73e3c8c_o

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Vakkert, min kjæreste venn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: