Gå til innhald

Vinterland

januar 16, 2016

image

Dagane blir merkbart lysare nå. Kråkene tek til vengene i nitida og returnerer i store flokkar i firetida. Det må ver mange tusen av dei. Eg har til nå ikkje klart å ta eit einaste skikkeleg bilete av dei. Eg burde nok ha vore betre utstyrd på fotofronten.

image

I går medan elevane sat og åt skulematen begynte det for alvor å snø. Snø er ikkje daglegkost for ungar på Bryne, så me får unna dei såpass. Det er ikkje dei store mengdane som har falt ned, men nok til at det har blitt kvitt her. På måndag var vegane såpeglatte, men det har heldigvis blitt betre. Akkurat nå i kveld har det vore sånn nullgraders ver og så skal det frysa på att, eg håpar det held fram med å vera framkomeleg, om ikkje på sykkel, så i alle fall til fots og med bil.

image

 

Eg har begynt å venna meg til «heime-aleine-ferien» min, og har falt nok til ro til å nyta freden i huset. I kveld har eg hatt ein fredeleg kveld i sofaen og har rukke å strikka ein sokk. Det er definitint tid for varme sokkar, det er ganske golvkaldt i huset, så det er det første eg dreg på meg når eg kjem heim. Heimestrikka ullsokkar har blitt mangelvare hos oss, det er viss ingen som strikkar slikt lenger. Det er mange år sidan eg og har praktisert «sokkaspøding», men nå var det på tide. På ein måte vart det ein måte å hedra farmor på. Ho ville ha blitt 99 år idag om ho hadde fått leva. I fjor feira ho 98 årsdagen i eiga stove, så det er første gongen eg ikkje har ringt for å gratulera den 15. januar. I si tid var det ho som lærte meg både å strikka hæl og fella tå. Eg gjekk til garnbutikken og sa at eg måtte ha slitesterkt ullgarn slik at det ikkje går hol på sokkane med det same. Det hadde dei, men ikkje i dei fargane eg helst ville hatt. Eg hadde sjølvsagt planlagd å strikka mønster. Det er jo det som er kjekt med strikking.

image

Her gjenstår det bare å festa trådar. Eg veit som oftast ikkje korleis tng skal sjå ut når eg set i gang. Det er jo det som er spennande. Med sokkar vottar og genserarmar har ein då valet om ein skal disiplinera seg og strikka to like… I dag diskuterte eg om det vart eit godt nok par dersom eg haldt meg til dei same fargane, men konvensjonalismen kjem nok til å vinna fram. Her i huset er ofte kunsten å finna to sokkar som er så like at folk sannsynlegvis vil tru dei er eit par når dei ser ein sokk på kvar fot. Med det utgangspunktet er det kanskje greitt at alle sokkar i alle fall startar opp med å ha ein make…

image

 

Ein av dei koselegaste hendingane i dag var at eg og Ingrid møttest til fredagslunsj på Kjøkkenet etter at begge to var ferdige på jobb. Der vart me sitjande og ha det koseleg i fleire timar. I kveld har eg vore barnevakt for mopsen Oskar. Det er ganske koseleg å sitja i sofaen omgitt av masse garnnøste, ein snorkande mops og ein malande katt og sjå på fjernsyn. Nett- TV er ei fin oppfinning. Nå fekk eg med meg mange program eg har hatt lyst til å sjå, men ikkje fått med meg.

Eg har fått spørsmål frå fleire om dei kan få vita korleis det går i boka om morfar og storkereiret. Her kjem det eg har tenkt å ha som slutt. Det blir omtrent slik som dette, men manuset må nok finpussast litt meir…

***

Naboane våre klarer ikkje å halda opp med å le. Dei ler i vekesvis. Dei ler om nettene og. Det første eg gjer når eg vaknar om nettene er å kikka ut på storkereiret.  Ein morgon kjenner eg hjartet hoppa inne i brystet mitt. Det sit nokon i storkereiret. Først lurer eg på om det eg ser er rett, så blir eg heit sikker.

***
I storkereriret sit det ei lita gammal dame med kåpe, hatt, skjerf og strikkelue, sjølv om det snart er sommar. Det er nok kanskje kjøleg høgd der oppe. Ved sida av seg har ho ein liten brun koffert av papp.

***

Eg spring over tunet. Morfar er seint ute i dag. Han sit på kjøkkenet og et grovbrødskive med smør og egg og sild. Han sit der på plassen sin ved bordet med kaffi og storkebøker. Han kan sjå ut på den fine morgonen, men han kan ikkje sjå storkereiret frå kjøkkenvindauget.

***

Eg tek morfar i handa, eg seier eg må visa han noko viktig. Han spring ut på tøflene for eg let han ikkje få ta på seg sko ein gong. Morfar ser reiret og begynner å le. Så fort som han spring nå har eg ikkje sett han springa på lenge.

***

«Den vesle dama ler ho og. Du må setja opp att den lange stigen,» ropar ho. Han datt ned då eg var ferdig med å klatra opp,

***

Morfar held stigen medan den vesle dama klatrar ned. Ho har høge hælar på dei raude skorne sine.

***

Akkurat då forstår eg kven ho er. Ho er mormor som hadde flytta ut før eg vart fødd. Mormor som har vore ballettdansar og sirkusartist som eg aldri har møtt før akkurat nå. Ho tok med seg kofferten og reiste ein dag fordi ho var lei av morfar og alle dei rare ideane hans. Naboane har lurt på kor ho har vore. Mange har trudd at ho reiste tilbake til Russland den gongen for ti år sidan, til landet ho hadde kome frå ein gong for lenge sidan før mamma og før meg, til og med før ho møtte morfar.

***

Den velse dama ser ikkje ut slik eg hadde trudd ho skulle gjera. Ho ser ikkje ut som ein sirkusartist og i alle fall ikkje som ein ballettdansar, likevel er ho flink til å klatra i lange stigar med høghæla sko og koffert. Det gjer ingenting korleis ho ser ut. Det viktige er at ho er mormor mi. Den tanken gjer meg heilt sjenert, eg vågar mest ikkje sjå på henne.

***

«Du må vera Live,» seier ho. Nå kjende eg at det var på tide å treffa deg. Nå kjem me nok til å bli godt kjende, for frå nå av så blir eg her. Då eg såg morfaren din på TV så forstod eg korfor eg vart så forelska i han ein gong for lenge sidan. Eg forstod og at han trengte ei fornuftig dame i huset i tillegg til deg så me kan vera to som passar på at det ikkje rablar heilt for han. Eg oppdaga at eg var ferdig med å vera sint for lenge sidan og at eg måtte heim for å sjå om han var sint på meg.

***

Så blir det bløtkake og kakao på kjøkkenet. Så blir det tida for klemming og kyssing og grining og song. Eg låner morfar si mobil og ringer til mamma som kjem heim frå jobben for å gråta og le og synga ho og.

***

Storkereiret står der framleis, men det er ikkje så mykje snakk om det lenger. Etter at det hadde stått tomt til langt ut i juli. spurde pappa om me trong hjelp til å ta det ned. Då såg morfar på pappa på ein måte som gjer at han ikkje har spurt fleire gonger.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: