Sommarhalvåret
Eg høyrde eit rykte om at me etter gammal teljemåte der ein deler året inn i vinterhalvår og sommarhalvår, så har me nå kryssa grensa og er i sommarhalvåret. Det er då ein ganske spennande tanke som eg i mangel på bilete frå dei siste dagane illustrerer med den snart opningsklare brua til det «forjettede land» på den andre sida av Frøylandsvatnet…
For to kveldar sidan var det stappfullt i stova vår. Alle lærarane i Leif sitt Erasmusprosjekt var inviterte på suppe, heimebakt brød og eplekake. Dei var femten rundt bordet, og sidan det er ganske trongt i spisestuekroken vår, hadde Leif dradd bordet midt ut på golvet. Eg stod på kjøkkenet og skar brød og han bad til bords. Det gjekk opp for meg at eg var fanga i ei husmorfelle. Det var rett og slett umogleg å passera dei glade gjestene frå Belgia, Romania, Irland og Spania utan å be dei flytta på seg. Eg såg humoren i det heile og fann meg til slutt ein liten snipp av eit hjørne øverst ved bordet saman med rumenarane. Dei syntest det var vanskeleg med djupe samtalar på engelsk, så eg fekk endeleg eit passande høve til å praktisera mine tre setningar på rumensk: » God morgon, min blomst.» » God morgon, mi stjerne!» og » God morgon, prinsesse!» Eg trur det var tre setningar meir enn dei hadde forventa, og i løpet av kvelden lærte eg korleis ein seier «God kveld» dei gongene det måtte passa betre enn «God morgon»…
Gjestene var hyggelege og entusiastiske og kom med gåver dei hadde med, både gåver som skulle vera til pynt, gåver som var meint til å eta og gåver som var meint til å drikka. Me fekk fleire tradisjonelle matvarer frå irane, mellom anna veldig gode ostar og noko mørkt og ubestemmeleg som dei kalla «Black pudding». Dei hadde ivrig fortald Leif at puddingen kunne tilberedast på mange ulike vis, og at det er ein blodpudding laga på svineblod. Ein gong i livet likte eg faktisk blodpudding, men det er lenge sidan sist eg lot meg frista… Dei burde jo bli inviterte på komler og lefser, men med ei stor gruppe elevar og lærarar trur eg menyen fort blir litt i retning av pizza og kinesisk mat… Eg har ikkje kome med tilbod verken på komle eller lefsefronten…
Eg har sjølv vore med i eit Comenius- prosjekt ein gong i tida. Det var veldig kjekt. Eg har stor tru på denne måten å bli kjend med skular og menneske i andre land. Det var fint å få fylla stova med utanlandske lærarar, og i morgon skal eg visst få vera med på avslutningsfesten. Sidan Leif har vore heiltidsbeskjeftiga i denne veka, inviterte eg med meg Odd Christian på middag på Møllehagen i dag. Der har dei kjempegod mat.
På skulen i dag har det store vore å dra i gang eit rumpetrollprosjekt. Eg har forgjeves kikka etter froskeegg både i Tjødna og Sandtangen, men min snille kollega Hildegunn kom med froskeegg og rumpetroll frå Lyefjell. Nå vil det visa seg om me klarer å halda liv i dei og få dei til å bli froskar. Eg har klart det før, men det hender at heile flokken avgår ved døden eller som i fjor stagnerer på eit utviklingstrinn og forblir store rumpetroll som aldri utviklar armar og bein…
For kvar dag som går nå får livet litt meir intense vårfargar, og plutseleg kjem det blomar i beda og grøne knoppar på trea. Våren er eit utålmodig tålmodsprosjekt.
Heidi