Vår på Bryne
Eg synest at dette biletet av Bryne Mølle med Kaizers plass seier noko om den vesle byen me bur i. Her er me bybuarar og bønder på same tida. Frå huset eg bur i, tek det under fem minutt å sykla til sentrum, med tog derifrå når eg «storbyane» Sandnes og Stavanger i løpet av eit drøytt kvarter og i underkant av ein halvtime. Sauer og kyr kan observerast nesten rett utanfor huset vårt, og det tek under ein time på sykkel eller ti minutt i bil å koma seg ut til dei mest fantastiske strendene eg veit om. Utanfor vidaregåande skule har elevane tradisjonelt parkert traktorane sine, og råning med traktor er ein populær aktivitet for dei som har fylt seksten…
I dag hadde eg eit lite brilleuhell og hadde akutt behov for ny infatning. Den lokale optikaren fiksa det på ein halvtime. I mellomtida fekk eg tid til å opparbeida ein enorm takknemlegheit over at nokon er i stand til å forsyna dei nærsynte av oss med høveleg synskorreksjon. Ein halvtime som blindebukk i Bryne sentrum medan eg venta gav ikkje meirsmak. Kor flaks er det ikkje for meg og mine likesinna at me lever i ei tid og i eit land der det er nesten sjølvsagt at dårleg syn kan korrigerast? Viss ikkje hadde eg rett og slett måtta venna meg til å leva med å sjå ganske lite. Trøysta får kanskje vera at då hadde eg ikkje visst betre…
Etter å ha fått brillene på plass, eg trur kanskje det blir mitt endelege farvel til massiv plastinfatning, så fekk eg lyst til å gjera noko med at det var lenge sidan eg hadde gjort noko med håret. Eg var veldig tett innpå den grensa eg må innrømma at eg ofte har kryssa med ei halvsløv saks framfor spegelen på badet for å få utsyn. Den snille frisøren min kunne få det til før ho gjekk heim i dag dersom eg venta ein time. Ho sa at viss ho ikkje rakk det før stengetid så gjorde det ingenting. Ein times dulling med hårvask og klipp var akkurat det eg trong, og i tillegg fekk eg servert god sterk kaffi. I ventetimen før frisørstolen fann eg meg ein god stol og ei god bok på det fine biblioteket vårt.
Kanskje eg burde stått i mot fristelsen til å sykla ein times kveldstur etter frisørbesøket, for eg konstaterer med eit aldri så lite sukk at det sit at ein svak eim av fjoslukt i det etter vårturen langs åkrar som tilfeldigvis vart hevda nå i kveld… Og eg som var blitt staila med bølgespray og eg veit ikkje kva… Kanskje eg søv fjoslukta av meg… I fjor på desse tider var eg og Sunniva på bytur i Stavanger. Då me opna bildøra i parkeringshuset etter fleire timar i byen, merka me at det kunne anast ein stenk av jærsk hevdalukt inne i bilen, som ikkje hadde stått med opne dører ein gong heime på Bryne. Me begynte å lura på om lukta sat i håret og kleda våre og…
Gode jærbuar uttrykkjer denne lukttilstanden på ein romsleg og triveleg måte. «Dæ lokta vår!» seier me fornøgde og smiler oppmuntrande til kvarandre.
Heidi