Til Ålgård, rett og slett
I går var det så fint ver at eg og syster May Brit fann ut at me måtte ut og gå. Me starta frå huset hennar på Figgen. Det ligg på den eigedomen oldeforeldra mine kjøpte for meir enn hundre og tjue år sidan då dei flytta til Figgen frå Klepp for at oldefar skulle jobba på den nye ullvarefabrikken DFU. Då dei bygde Ågårdsbanen var bestemor ung jente. Dei kom og flytta huset for å få plass til jernbaneskinnene. Eg veit ikkje korleis dette vart gjort, men bestemor fortalde at då dei skulle koka kaffi etter husflyttinga, var huset litt skeivt og kaffikjelen stod på skrå. Nå er det lenge sidan det har gått tog på Ålgårdsbanen. Då eg var barn og besøkte moster som budde der, gjekk det bare godstog av og til. Dei måtte me passa oss for. Nå er jernbanelinja blitt til tursti. Det er den kortaste vegen mellom Figgen og Ålgård, og der bestemte me oss for å gå. Eg har alltid likt å «gå tur på linjå». Det er så fredeleg og nesten litt meditativt å gå på jernbanesvillene som ligg mellom skinnene i eit rytmisk mønster. Ein del av dei er heilt nedslitne.
Det var rett og slett begynt å bli grønt ute. Dei første trea stod med eit lysefrønt skjær av brestande knoppar.
Eg visste faktisk ikkje at det gjekk så mange gang- og turstiar gjennom Ålgård. Eg innser at eg går der alt for sjeldan. Det blir som regel bare å kjøra gjennom Rettedalen og opp til Solåsvegen 59 der mor og far framleis bur.
Me kjende oss nesten litt som turister der me stoppa og forograferte små idyllar me kom over.
Eg innsåg at plassen der eg vaks opp faktisk er ganske vakker…
Me gjekk inn i det gamle DFU-huset fordi May Brit ville visa meg det nye biblioteket. Der sat den gamle DFU- lukta av det eg trur må vera kjemikalier brukt i produksjonen framleis i veggene etter så lang tid som det har gått utan tekstilproduksjon.
Dei hadde stilt ut ein dei historiske ting frå gamle DFU, her er interiøret frå eit kontor.
Og dette er kan henda fargeprøver frå ullvaretida? Bestemor, som var oppvaksen på Figgen, kalla heile sitt liv ein genser for ein «svitters». Eg har tenkt at det må ha hatt med internasjonale ullvareting å gjera at ordet «sweaters» dukka opp på Figgen for hundre år sidan, men det kan godt vera at eg tek feil i mine private små konklusjonar…
Det Figgen, og seinare Figgjo fabrikkar var mest kjend for, var nok badedraktproduksjonen. Då bestemor begynte å jobba på DFU fekk ho vera med og prøvesy badedraktmodellar. Desse er nok av atskillig nyare dato, eg innbillar meg at i hennar tid var badedraktene laga av ull. Mange av dei krepptøya badedraktene seinare vart sydde i, har eg eit personleg forhold til. Moster, syster til bestemor hadde som jobb å «støva» i fabrikken. Det betydde mellom anna at dei sopte golva i produksjonslokala. Avklipp som låg att skulle kastast, men sparsommelege som dei var på den tida, tok ho vare på lappar som var litt store. Desse tok ho med ned til Bryne der bestemor skapte fantastiske dokkeklede av dei til dokkene mine. Ingen hadde vel så mange Tjorvendokkeklær som meg. Det spesielle var at nesten heile garderoben var sydd av badedraktstoff…
Etter studiebesøket på biblioteket, fann May Brit ut at det sikkert var lenge sidan eg hadde sett den gamle skulen min. Me tok oss ein runde innom skulegarden og fotballbanen, så gjekk me langs Edlandsvatnet opp gjennom Ålgård.
Det er sikkert minst tjuefem år sidan sist eg gjekk på beina opp Solåsbakken. Det var til og med tilløp til streetart der…
Eg meiner eg såg dette motivet på huset der Jossi og Anne Synnøve budde… Me gjekk snarvegen opp frå ungdomsskulen der eg sprang ned stien og trappene kvar morgon i håp om å rekka inn i klasseromet før læraren låste opp og starta timen…
Så kom me då til slutt heim til mor og far der me fekk tomatsuppe med franskbrødskiver til. Det var reine mor- og – far- og- barn- stemninga. Eg kallar det framleis å koma heim, sjølv om det snart er trettiseks år sidan eg budde der. Kaffi fekk me og, og nokre koselege ettermiddagstimar før me gjekk tilbake til Figgen, denne gongen langs Flassabekken og over til det nye feltet i Rishagenområdet der eg heller aldri hadde vore, og via kongeparken ned til jernbanelinja att. Eg innser at eg framleis har mykje å gjenoppdaga. Og du all verda så godt dei gjer desse første fine vårdagane.
Heidi