Junisommar
Det er ikkje mykje som er så fint som sommaren i juni når han slår til, og i år har han verkeleg gjort det. Det er fint at nokon har litt meir hagekomperanse enn meg, for noko av det finaste eg veit er å plukka blomar og laga bukettar. I går var me inviterte til å grilla i hagen til mor og far, og der blømde både liljekonvall, akeleier, gule valmuer, jomfruen i det grønne og mykje anna.
Eg får halvsitera Olav H Hauge: «Det er den draumen me ber på at det vidunderlege skal skje, at me ein sumar skal få det fint i hagen…» Kvar sommar i juni satsar eg friskt og reiser ut og kjøper fleire lass med blomar, både sommarblomar og stauder, og ofte sår eg frø og… Så kan eg jo sitera fleire store dikterar og seia at «Om sædet enn gror på ymist lag…» – For det gjer det verkeleg, men ein vakker dag knekker eg kanskje koden. På biletet ser de det første lasset frå i år lasta inn i bagasjeromet på bilen vår. Noko har havna i bed, og noko har havna i krukker, og eg ser at det framleis må mykje meir til… Verandapottene plar i det minste å bli fine…
Men for oss som er i skulen er det så veldig mykje som skal skje i juni, og nokre av oss har ein tendens til å få det veldig travelt dei siste tre vekene… Nå er i alle fall eit viktig møte tilbakelagt… Eg fortalde jo at eg var innkalt til møte hos rektor angåande livsfaserelaterte tiltak, Her har eg dokumentasjonen på at eg møtte… Eg vurderte seriøs å ta med meg stokk og pelshatt frå kostymene til tredjeklasse som øver til forestilling, men eg fann ut at det kanskje var i barnslegaste laget for nokon som skal til slike seriøse samtalar… Takk til flinke rektorar som held styr på ordningar som går meg hus forbi i eit travelt lærarliv…
Eg blir ivareteken på mange gode måtar, det står ikkje på det. Ein dag hadde dotter mi dekka fint bord for meg. Ho har og ein hage der eg kan snika til meg blomar om det skulle trengjast. Og hage eller ikkje, på mange måter er oppvakninga i juni som å finna seg sjølv att i ein stor grøn hage. Det spirer og gror og angar, og sjela mi hadde nesten gløymt lukta av hegg, syrin og nyslått gras, men bare nesten. Det er lyst nesten heile natta. Me sovnar til svarttrasten sin song, og vaknar til fuglesong og. Det må vera veldig mange svarttrastar rett i nærleiken, og i tillegg er det måkeskrik og duer som kurrar og ei og anna lerke å høyra.
I går tok eg med meg skrivejentene mine til Stavanger for å driva litt byskriving. Me kunne ikkje truffe betre med veret. Det viste seg å vera buss for tog, og det viste seg at det ikkje var plass til oss på bussen for toget frå Klepp stasjon til Stavanger fordi sjåførne av den eine bussen ikkje hadde forstått at han måtte venta på toget. Heldigvis var det ver til ei ekstra skriveøkt på stasjonen. I byen yra det av turistar og anna folk. Det er ingen sak å reisa aleine med elevar når dei er store og sjølvdrivne. Eg kunne ha låge skuldre og kosa meg med skrivinga eg og. Desse skriveturane er eit forsøk på å la elevane oppdaga at det alltid er rom for å skriva litt.
I dag har eg og hatt litt forefallande arbeid som eg nesten er blitt ferdig med, så nå vil eg ut i hagen å skriva litt… Eg kjem nok i mål med planar og elevmapper i år og. Eg er alltid sistemann som forstår at nå er det snart jul, påske eller sommarferie. Nå gjeld det å stålestja seg og ta ting i eige tempo, for ryddefeberen slår nok snart ned i kollegiet, og sjølv har eg og mine ei stor forestilling som gjer at me kjem til å vera i rotefasen i halvanna veke til med masse rekvisittar og kostyme som må få lov til å liggja ein plass til forestillingane er over… Eg har eit heilt trinn å spela på lag med, så det blir nok bra til slutt, og med flinke Hilde Selvikvåg som musikklærar ved klaveret, så burde det bli veldig bra. Det er kjekt å sjå at veldig mange elevar verkeleg kosar seg med å laga forestillingar. Eg trur dei veks på det.
Eg gjorde eit forsøk på å sitja ute og skriva blogg, men det vart litt komplisert med internett. Eg måtte inn for å avslutta, så nå ber det ut igjen, denne gongen med ei heilt analog skriveblokk…
God junisommar, gilde lesarar!
Heidi