Gå til innhald

Badetur til Balaton

juli 23, 2016

 

Toget pustar over pusjdan,

Josjka skal på badetur til Balaton,

han har kome heilt frå byen Budapest,

synest bad i Balaton er aller best…

Truleg var det denne barnesongen som gav oss ideen om at årets badetur kunne gå til Balaton sidan våre vegar gjekk om Budapest. I dag har me teke same togturen som Josjka, det var ein veldig koseleg togtur som tok bortimot to og ein halv time. Områder ved Balatonsjøen er heilt nydeleg og i området var det ikkje bare ein, men mange små koselege jernbanestasjonar.

Josjka gjekk av toget ved bestemor Natasjas hus, me gjekk av på endestasjonen, Balaton Fured. Der hadde me nemleg teke inn på eit stort elleve etasjar høgt badehotell som låg innerst forbi andre hotell. Det var eir godt stykke å gå, det var sol og tretti grader, og hjulet på den største kofferten var øydelagd, så han måtte slepast fram. Den jobben delte me på, og kom lukkeleg fram til slutt.

imageMe fekk rom i øverste etasje, og slik er utsikten frå romet. Balatonsjøen har ein særeigen lyseblå farge, som går litt meir mot grønt enn biletet viser. Ute på sjøen er det masse seglbåtar og små turistbåtar.

Me er ikkje så befarne sydenturistar, og «all inklusive- prinsippet» har me ikkje prøvd oss på før. Ein del av opplegget er  litt komisk, folk blir utstyrde med eit plastarmband som liknar veldig på ei leikeklokke. Denne fåast i ulike fargar, inni er det ein dings som kan opna dører, og som me dreg over ein scannar når me går for å eta for å registrera kven som har fått måltidet sitt slik at ein ikkje lurer seg til to omgangar middag eller frokost.

Utanfor hotellet er det veranda med stolar og bord, det er eit stort innandørs symjebasseng og treningsstudio og moglegheit til massasje, manikyr og pedikyr. Utanfor er det leikeplassar for barna, strandkafé og ballbanar. Over alt på graset er det liggestolar. Det er ikkje parasollar, men tre for dei som vil ha skugge. Nederst ved sjøen er det laga ei kunstig image

Vatnet hadde ein perfekt temperatur. Det må vera noko av det varmaste badevatnet eg har bada i. Til å vera ferskvatn hadde det ein merkeleg farge, det var ikkje klart slik at ein kunne sjå botnen. Eg fekk assosiasjonar til lyseblått akvarellvatn blanda med skummamjølk.

I vatnet låg det ein slags grøne blad og flaut, det må vera ein for meg ukjend vassplante. Eg bestemte meg for at fargen sikkert kom av planter og botntilhøve og at det ikkje var rein forureining som gjorde at ein ikkje såg sine eigne tær når ein stod til livet i vatn… Uansett så var det herleg å bada. Ein kvar skikkeleg sommar må ha minst eit par dagar med bading.

Det var ubeskriveleg godt med litt sol på ryggen og. Ein sommaraktivitet eg er veldig glad i er å liggja flatt på magen i sola og lesa. I magasinet for ei eller to veker sidan var det intervju med Sissel Hatløy, mor til Karl Ove Knausgård. Det var eit fint intervju so gjorde at eg fekk lyst til å lesa «Min kamp- bøkene på ny. Eg har lasta ned tre av dei på i-paden frå e-bok biblioteket, så nå er eg midt i den siste boka. Det er interessant lesnad, og eg kan faktisk relatera meir enn eg trudde til ein heil del av det han skriv, meir om det i ein annan samanhang.

Etter min første dag som all- inclusive- badeturist, må eg tilstå at eg liker det skremmande godt. Akkurat nå var det deilig med ein pustepause på ei solseng. I to dagar har me ikkje ansvar for noko som helst, det er ingen togtider som skal sjekkast ut, ingen valuta å halda styr på, ingen sterkt trafikkerte gater å kryssa, og ingen byar å finna ut av.

Reiseleiaren min blir fort rastlaus på ei solseng, så han fann ein butikk i nærleiken og kom tilbake med ein stor knallgul koffert, ca dobbel så stor som den me må kasta fordi han er øydelagd. Det gjer at eg plutseleg får ekstra plass i kofferten… Den vesle trillekofferten eg har hatt var så fullpakka at kvar millimeter var i bruk. Eg synest sjølv at bagasjen min er nøktern for ein person som skal vera borte ein månad, men ein eg reiser i lag med klarer seg med ein weekend-end-koffert i ein storleik tilpassa handbagasjen på eit fly, og han har hatt mykje meir plass i kofferten enn meg…

Etter at me hadde ete middag i åttetida, sat me ute på verandaen og drakk kaffi. Det var så deilig og varmt sjølv om det vart mørkt etterkvart. Eg sat der med penn og skrivebok og leika diktar. Eg skreiv mellom anna ei seinsommarvise. Kanskje eg legg ut teksten her i morgon…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: