Gå til innhald

Sundag i Balaton -Furer

juli 24, 2016

Endeleg er det min tur til å leggja ut  badebilete, og på toppen måtte eg jo leggja ut eit bilete av føtene mine sett frå solsenga slik eg har sett er omtrent obligatorisk for sydenfararar.

Det har vore to deilige dagar i sola, og endeleg vart det bruk for badedrakta. Ettermiddagssolbadet vart avbrote av ei skikkeleg tordenbyge som fekk dei fleste, inkludert meg sjølv til å gå opp att på hotellet.

Der sat hotellgjestene tett i tett under ein alt for liten overbygd veranda, folk henta seg kaffi og anna drikke frå all-inklusive-baren  og sat der tett i tett medan regnet pøste ned, sjølv fekk eg ikkje kapra meg ein stol, så eg sat i ein vindaugskarm i våt badedrakt med kjole over og las Knausgård medan eg drakk cappuccino.

Min mann og medreiser er ingen stor strandløve, men heldigvis gjekk det an for rastlause turistar å leia sykkel, så han har vore på sykkeltur i Balatonomtådet og kom regnvåt og glad tilbake.

Dei fleste hotellgjestene er nok umgarar, og når hotellpersonalet henvender seg til oss på ungarsk, så tek me det som eit teikn på at me glir inn… Me lurte på om dei fleste her ville vera seksti pluss, men det er mange barnefamiliar og. Det er kjempekoseleg å ha ungar rundt seg. Eg ser og storfamiliar med vaksne barn og besteforeldre.

Eg kjenner at eg gjerne skulle vore her ei veke til, men for nokon av oss trur eg det er lenge nok. Dette er ein slags ferie i ferien, ein parentes i parentesen. Det er så nydeleg at det er sommar, og det er skremmande kor fort ein sommar går.

Heidi

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: