Gå til innhald

Siste kvelden i Balaton

juli 24, 2016

imageTimane våre som badehotellgjester er talde. I morgon dreg me først tilbake til Budapest og så vidare til Wien. Og nå som me verkeleg har begynt å få taket på systemet med dei små leikeklokkene våre i plast som skal scannast og visast fram.

image

Framleis har me kanskje litt å gå på med tanke på at ein rett frå middagsbufeten kanskje hadde smakt betre enn litt frå kvar. Etter middagen foreslo Leif at me skulle gå ein tur slik at eg og skulle få sjå litt meir enn hotellområdet. Dette er ein liten inngjerda verden som fort kan bli seg sjølv nok. Det er litt som å vera på leir eller på ein folkehøgskule.

Me drista oss til og med til å ta av oss leikeklokkene som me er instruerte i å ha på heile tida medan me var på tur ute i den store verda. Det viste seg å vera ein heil liten by ikkje så langt frå hotellet. Det var til og med ein eigen Helly-Hansen butikk der du kunne få kjøpt deg T- skjorte med norsk flagg på om du ikkje er så nøye med proporsjonane.

image

Nokon nordmann møtte me ikkje, men merkeleg nok så synest eg at melodien i det ungarske talemålet høyrest veldig ut som norsk. Eg synest stadig vekk at eg høyrer lyden av ein sunnmøring eller ein sogning, og så er det ungarsk som blir snakka. Av og til høyrest det til og med ut som rogalandsk eller svensk. Det er litt forunderleg, for ut i frå språkfamilie så burde det vel heller høyrast ut som finsk? Har nokon gjort same erfaringa som meg, eller er det mitt språkøyre som er langt ute på jordet?

Ja, ja… Uansett så er det i alle fall fint her…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: