Gå til innhald

Så reiser me vidare

juli 25, 2016

 

I dag vakna me av torden og heftige regnbyger. På badehotellet var det fullt under markiser og overbygde utspring, men eg synest at folk tok vêret med fatning. Det var lite sure miner å sjå, folk sette seg tålmodig under taket for å spela kort og drikka morgonkaffi og sjå vêret an. Eg håpar det vart betre etter kvart. For oss var vêret uproblematisk for me skulle jo vidare.

I dag fekk me sjå Balatonområdet i regn frå togvindauget. Regnet gjorde det veldig grønt og fint.

Då me kom til Budapest var det sol og tretti grader igjen. Det gjekk fint å finna T-banen som skulle ta oss frå den eine jernbanestasjonen til den andre, og det gjekk ikkje lang tid før toget til Wien stod klar på stasjonen og me kunne få oss sjølv og den nye knallgule kofferten vår trygt ombord. Me puster alltid letta ut når me har funne rett tog som skal til rett plass og kan slappa av medan me blir frakta til rett brestemmelsesstad.

Denne gongen hadde me igjen fått plass i ein seksmannskupe, denne gongen i lag med fire russarar.

imageOg så bar det vidare over det ungarske slettelandskapet mot grensa til Østerrike.

Då me gjekk ut av toget i Wien var det som å koma til ein ny verden igjen. Å reisa er som å gå inn i nye rom i eit stort hus og lukka døra bak seg. Me bur i ei gate med staselege bygningar og flotte husfasadar og her er det mange merkelege små butikkar for folk som har råd til å betala mykje for eit gammalt korsett eller ein dokkekjole frå sekstitalet.

Det er tydeleg at den grøne trenden står sterkt her. Her er mange kafear som reklamerer med at dei har økologisk, vegetarisk, vegansk og glutenfri mat. Ein stad sel dei økologiske frø som ein kan dyrka sine eigne økologiske grønnsakar, på torget har dei trekassar med gras og strå og marehalm, og på den fortausrestauranten det me åt vegetariske pastaretter med heimelaga økologisk spaghetti, var det ein hekk av tomatplanter mot den trafikkerte gata der det vaks cherrytomatar.

Ein butikk eg såg på må eg tilbake til i morgon for å sjå om eg forstod  konseptet rett. Det var ein slags veganarbutikk, men ikkje for mat. Du kunne kjøpa deg rettferdige sko, klær og møbler laga av ikkje animalske materiale som skulle vera skånsomme mot miljøet. Ein kunne og kjøpa fjellstøvlar av lær, men læret var frå frittgåande og lukkelege dyr som hadde hatt eit fritt og godt liv før dei vart til sko.

Ein kunne og kjøpa seg fargesterke sko av kunstmateriale med tær i a la desse barfotjoggeskorne som vart populære for nokre år sidan. Barna våre, som nok til dels synest me kan framstå litt i overkant hippieaktige, ville nok setja pris på om me kom heim og insisterte på å bare gå  i slike sko frå å nå av…

Eg ser og at me må aklimatuserast litt på valutakursane. Me er blitt vane med at alt er veldig billig, at me kan kjøra drosje for tjue kroner og ha full middag for to for ein hundrelapp. her nærmar prisane seg dei norske.

Me har sett av to dagar til å oppdaga Wien. Eg gleder meg, dette blir kjekt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: