Gå til innhald

Wien

juli 26, 2016

 

Me vakna opp til ein varm og nydeleg dag i Berlin. Termometeret vippa over 30 grader, og me tek i mot kvar einaste dag me får med sommarvarme med takk. Me starta med å kjøpa oss kvar vår 24- timars billett til kollektivtrafikken. Så reiste me med metro og trikk til Wien Kunsthaus, som me hadde fått anbefalt.

Eg syntest det var kjempespennande at bygningen var eit av husa til Friedrich Hundertwasser, som eg har vore ein stor fan av sidan eg oppdaga han i studietida. Leif var minst like entusiastisk, for det viste seg at ein av dei absolutte favorittfotografane hans, engelske Martin Parr, hadde fotoutstilling der. Parr si utstilling var heilt fantastisk. Han har fått ein ny fan i meg. For at dette ikkje skal bli alt for langt, så har eg vald å konsentrera meg om Hundertwasser her og nå.

Her er mannen, arkitekten og biletkunstnaren som var overbevist om at beine linjer og A4- livet i byar var skadeleg for mennesket. Mennesket treng natur, fargar og organiske former for å ha det bra. To av husa han har teikna og som har blitt bygde står her i Wien. Det eine er sjølve kunstmuseet, som må vera ein av dei absolutt flottaste bygningane eg har vore inne i nokon gong, og det andre såg me frå utsida. Eg har lyst til å visa nokre av bileta til Hundertwasser. På museet var det og modellar av byar og bygningar han hadde teikna, og ein fin dokumentarfilm om Jan, men det blei det ikkje så fine foto av.

Alle desse bileta viser ansikt, to av dei gråtande ansikt. Han er nok kanskje vel så kjent for sine teikningar av hus og byar, men eg ser at fotografen, i dette tilfellet meg, festa seg ved ansikt i dag. På dokumentarfilmen sa han at han ofte brukte spiralforma som ein grunnform, men at spiralane hans alltid var litt skakke og usymmetriske.

Etter å ha kost oss i mange timar på museet gjekk me ned på den koselege restauranten i første etasje og bakgarden. Den hadde me og fått anbefalt.

Spesialiteten deira var Flammkuchen, som eg aldri hadde høyrt om, men som viste seg å vera veldig godt. Det er ein gammal rett som minner om pizza, men som samtidig er annleis. Det er heilt tynt utkjevling brøddeig, som i konsistens kan minna om svenske tynnbrød. Oppå kunne ein velgja mellom ulikt belegg. Eg prøvde meg på pærer, blåmuggost og ruccola. Det var kjempegodt. Til dessert vart det den austeriske spesialiteten Apfelstrudel mit Schlagsahne, som og smakte heilt nydeleg.

Resten av dagen har me vore storbyturistar som har prøvd å få med litt av det ein bør få med seg i Wien. Me gjekk ein lang tur i Prater, som er ein mykje større park enn eg trudde, og leita etter den berømte fornøyelsesparken med det endå meir berømte pariserhjulet. Det var varmt og grønt og nydeleg, og til slutt fann me fram…

Det var og små vatn i parken. Mange var ute og sykla eller gjekk tur eller hadde picknik i graset. Eg mora meg over eit skilt der det stod at viss det var glatt om vinteren, så var det bare lov å gå på stiane som var blitt strødd. Dette er tydelegvis ein by som vil at turgåing skal foregå i ordna former.

,

Ein tur i hovudgatene vart det og tid til, og sidan me kunne reisa kor me ville i dag, så tok me og ein tur ut til Scloss Scønbrunn. Me rekna med at slottet ville vera stengt for dagen, men at parken skulle vera open, og slik var det.

Eg las at Carl Petter Opsahl hadde skrive at ein kvar tur kunne visa seg å vera ein pilgrimstur. Slik synest eg det har vore denne turen. Kvar dag har vist seg å ha sine pilegrimsmål. I dag opna det seg eit i hagen utanfor slottet. Ei gruppe menneske stod i ring og sa noko i kor. Det viste seg å vera ei katolsk ungdomsgruppe frå Chile. Målet deira er å dra på festival til Krakow og i beste fall møta paven. Nå hadde dei kveldsbøn i parken. Dei hadde med seg ein prest frå Chile og ein eg trur må vera ein lokal prest her frå Wien.

Me rakk å få med oss velsignelsen, og etterpå dansa dei i ring til ein latinamerikansk lovsong. Ein eller to hadde med seg gitarar, mange tok fram tamburinar, og dei andre klappa rytmen medan dei dansa og song. Det heile var uventa og fint.

imageDå me kom tilbake til hotellet var me slitne og trøytte i beina. Me har brukt kvelden på å sjå fjernsyn og bli oppdaterte på hendingane i verda. I samband med terroråtaka i sommar vart Jens Stoltenberg sitert. Han sa etter Utøya at det som hadde skjedd ikkje måtte få hindra oss i å nå målet om eit varmare, opnare og meir inkluderande samfunn. Dei diskuterte om det var gangbare tenkjemåtar. Dei konkluderte med at verda i det minste måtte ha med seg Stoltenberg sine ord i vurderinga av korleis ein skulle kjempa mot terror. Eg kjende eg vart litt stolt av å vera norsk.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: