Siste dagen i Wien
Wien er heilt opplagd ikkje ein by ein føler seg ferdig med etter to dagar. Sidan det var litt halvspontant at me la turen om Wien hadde me ikkje sørga for å bestille billettar til konsertar eller andre forestillingar. Det ihadde vore veldig kjekt å få med seg noko slikt, så me må nok tilbake.
Denne dagen bestemte me oss for å leva etter prinsippet: Ta beina fatt og få med oss mest mogleg. Det var ein varm dag i Wien. Temperaturen låg og vippa rundt tretti grader. Det ser me positivt på, me er ikkje bortskjemte med intens sommarvarme, så den får me aldri for mykje av.
Eg synest ofte at stroka litt utanfor indre bykjerne er dei mest sjarmerande i ein storby. Denne gongen har eg falt spesielt for området rundt Margarethenstrasse, det er der mange av desse bileta er blitt tekne. Som de kan sjå er det mange rare små butikkar der.
Kanskje du treng homeopatisk behandling til katten din, eller noko du kan putta i heksegryta? Du er kanskje på jakt etter ei bok frå trettitalet, alt du treng til vegansk matlaging, eller til og med veganske klær.
Eg las eit «grønt motemagasin» i dagligstova på hotellet. Eg lot meg begeistra. Det var eit blad for unge menneske som hadde eit ynskje om å leva mest mogleg grønt og berekraftig. Det stod det korleis ein skulle velgja klesplagg og sminke som belastar miljøet minst mogleg, og det var tips om second- hand og omsøm. Eg tippar dette er ein trend som vil koma meir og meir til Norge og.
Dersom du kjøper deg sko i lær finst det skomerke, som sikkert er ganske dyre, der du kan få med papir på at dyret som ein gong eigde skinnet hadde det godt… Og veganerburger byr det ikkje på problem å få tak i. Me såg til og med ein plakat der dei reklamerte for vegansk currywurst, men akkurat det produktet såg me aldri.
Det høyrest då beroligande ut å kunna gå til Den Hellige Ånds – apotek om det skrantar litt med helsa?
Me for vår del hadde ikkje så helserelaterte mål i dag. Vil du høyra om dei må du gå til del to av dette innlegget, for nå vil ikkje nettet samarbeida med meg. Dette er blitt ei for tung fil med litt for mange bilete. Men hald ut, framhald fylgjer…
Heidi