Siste dagen i Wien- del to
Vegantrend eller ikkje… Det alle turistguider seier er eit absolutt must i Wien er å besøkja eit av dei tradisjonelle kaffihusa… Og må ein så må ein. Då me kom forbi eit av dei aller eldste, » Kaffe Museum», så måtte me nesten inspirera det. Der inne var det skikkeleg stil med fint kledde kelnarar og veldig rikt utval i både kaffi og kaker.
Eg gjekk for iskaffien tatt i betraktning at eg kom til å helsa på Apfelstrudelen første dagen. Iskaffien bestod av ustabilt kaffi med masse is og eit generøst lag krem og ein kjeks på toppen. Leif valde heilt tradisjonelt, Apfelstrudel und eine kleine Scwarze, som dei visstnok tradisjonelt sett kallar kaffien her i byen.
Me vandra i retning sentrum i gatene med desse rare små butikkane.
Over alt stod det folk på gata og selde ting som frukt, blomar, bær, frukt og is, og fortausrestaurantane låg tett.
Nede i sentrum kokte det av liv. Unge menn utkledde som Mozart var overalt og prøvde å selgja konsertbillettar. Det var guida turar med guidar med vimplar på lange stenger eller solbriller og skjerf løfta høgt over hovudet. Unge jenter og vaksne damer poserte for fotograferande kjærastar, og selfiestengene gjekk høge. Det lukta hest fordi det var masse tradisjonelle hestedrosjer med hestar i tospann, og det var sykkeldrosjar med og utan elektrisk motor.
Slott og triumfbuar, høgdekorerte husfasadar og fine kyrkjer vitnar om dei dagane då aristokratiet i Wien beståande av prinsar, prinsesser, grever, hertugar og andre adelsfolk var ei stor og mektig gruppe i denne byen.
Me møtte att våre dansande katolske venner frå Chile. I dag dansa og song dei i sentrumsgatene. Eg var inne i Stephansdomen, katedralen på biletet for å tenna lys og vera stille.
Me fekk med oss Mozart-huset, eit fint museum i eit hus Mozart budde i i tre år i den perioden har var i Wien, elles så hadde me ein dag på vandring med innlagde pauser for å kvila beina litt. Den siste pausen hadde me i ein liten park der dei hadde laga ein kafé med gamle salongbord, lenestolar og sofaar. Plutseleg la eg merke til at me sikkert var dei einaste der som var eldre enn tjuesju år… Kanskje det var ein meir eller mindre privat samlingsplass for gode venner? Eg tek meg litt i å gløyma at me ikkje er to ungdomar på interrail….
Med fare for at nokon kunne koma til å tru at eg er sponsa, så vil eg anbefala ibis- hotella for dei som lurer på kor dei skal bu når dei er ute og reiser. Dei er trivelege og heimekoselege med fine, fargesterke interiør, og i alle fall det me budde på i Wien var tydelege på at dei prøvde å halda ein mest mogleg grøn profil.
Heidi