Gå til innhald

… og deler vona at gode ting skal skje…

desember 31, 2016

image

Tenn lys, eit lys skal brenna for denne jorda vår,
den blanke himmelstjerna der vi og andre går
omkring og deler vona at gode ting skal skje,
må jord og himmel møtast, eit lys er tend for det.

I denne versjonen er Eivind Skeie sin fine adventssalme godt gøymd i minnet mitt. Slik har me sunge han på nynorsk på skulen der eg jobbar dei fleste åra eg har vore lærar. Dette er ei bøn som passar like godt når det ikkje er advent. Lyset over fekk eg til jul av ein nabo, og det er min intensjon å tenna det kvar morgon for å takka og be for dagane og timane som er og som kjem.

Året som er i ferd med å ebba ut er eit år eg kjem til å hugsa. For oss i familien har det vore eit godt år, men for fleire av dei me kjenner har det vore eit utfordrande og vanskeleg år. For dei håpar eg at 2017 skal bera med seg gode dagar.

Det er sikkert fleire enn meg som har blitt overraska over vegen verda har tatt i året som gjekk. Det er lett å kjenna seg små og hjelpelause, når me opplever at verda tek omvegar me ikkje synest verda har råd og tid til å ta. Eg håpar personleg at den politiske utviklinga i verda får fleire av oss som ynskjer noko anna til å stå opp og jobba for det me trur på. Det er mykje gale, men djupast sett ynskjer dei aller fleste menneske ei jord der det er nok mat til alle, ei luft som er rein nok til å pusta ut og inn og fred slik at både me, barna våre og nye komande slekter kan leva der i fred. Me ynskjer alle å ha gode menneske å søkja saman med og menneske å stø oss til når vegen er tung.

Det må då vera mogleg å få dette til… Tenkjer eg… Sjølv om det betyr at me må klara oss med mindre materiell velstand, og sjølv om me må dela på ein annan måte enn me er vane med. Heldigvis er verda full av diplomatar og fredsfremjarar på same måte som det finst maktmenneske og krigshissarar.  Heldigvis er verda full av menneske av god vilje som er villige til å gjera sitt for at jorda skal bli ein meir rettferdig plass med større respekt for menneskeverdet. Me må ikkje la nokon fortelja oss at det ikkje nyttar. Eg trur at alle kan gjera litt for at dei me lever nærast kan få betre kvardagar. Eg trur og at alle kan gjera litt for at verda kan bli meir rettferdig og for at me skal klara å ta vare på jorda før me har øydelagd berekrafta heilt.

Om nokon skulle våga å opna auga for å prøva å sjå heile biletet, skulle det ikkje då vera oss som trur på det gode, og som trur at jorda kvilar i ein større omsorg, vart det sagt på Korsveifestivalen i Seljord for halvanna år sidan. Eg sluttar meg til tanken, og tenkjer og tanken at når ein skriv tekstar som denne, så ser meiningane mine så nakne og naive ut…
Eg står for det likevel. Eg trur på ei verd der nestekjærleik, menneskeverd og respekt får større plass. Eg trur ikkje at det blir slik av seg sjølv… Eg trur at alle kan forandra verda litt, og dersom me står saman, så kan me forandra ganske mykje.

För mig måste kärleken alltid vara
många som kämpar i brädd,
också du, också jag,
mitt uppe, mitt ute i världen.

Eg ynskjer alle som les dette eit godt årog mykje god vilje og god tru.

image(Og her kan det passa med eit bilete av den bolivianske julekrybba mi, der kjærleiken og Gud er symbolisert med eit forsvarslaust menneskebarn.)
Klem frå Heidi

 

From → Uncategorized

One Comment
  1. Gott nytt år, finaste Heidi!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: