Det er fint heime og.
Når eg kjem heim etter å ha vore ute og reist, så hender det at eg blir slått på ein ny måte over kor fint det faktisk er der eg bur. Denne gongen hadde eg ikkje vore på langtur, så den naturopplevinga eg hadde på måndag kveld kanskje ville ha slått meg nesten i bakken uansett. Eg skulle vera klokka seks på eit styremøte på Hå gamle prestegård, og kom rett i solnedgangen. Lyset og fargane var heilt utrulege, etter å ha vore glasklart pastellfarga, glei dei over i desse lyst rosaoransjegule nyansane som eg prøvde å fanga med mobiltelefonen min.
Resten av veka har bydd på mykje sosialt samver og gilde kveldmåltid med gode folk.
På onsdag var me hos Astrid og leika oss med å setja opp blomar. Alle hadde med seg litt kvar, og nokon hadde vore i skogen og i hagen og samla med seg anna naturmateriale. Eg har alltid misunt litt dei som jobbar som blomsterdekoratører. Ofte ruskar eg med meg litt av kvart i blomsterbutikkar og insisterer på å setja saman buketten sjølv. Eg må innrømma at det har hendt rett som det er at eg i ettertid innser at dei som jobbar i butikken og verkeleg kan dette, kunne ha gjort det både billigare og finare om eg hadde latt dei få lov…
Heidi