Gå til innhald

Vårvinter

februar 19, 2017

image

Eg høyrde at nord i landet bruker dei uttrykket nattmorgen om tidleg morgon som nesten er natt. Vårvinter må då kunna brukast som eit fint ord for sein vinter som nesten er blitt vår. I dag såg eg noko som nesten er ein utsprungen krokus i bedet mitt, og hos naboane har det lenge vore både snøklokker og klosterklokker. Klosterklokker har eg fleire gonger prøvd å få opp i hagen utan å klara det. Kanskje detkan bli til neste år…

Dagane er merkbart lengre og lysare, og det er eit ørlite strøk av noko vårleg i lufta me pustar inn. Dagen har vore fin.

Desse fine februarkveldbileta er frå fredag. Det er Leif som har teke dei, og eg har fått lov til å bruka dei her.

I dag har eg forresten fått dobbel dose gudsteneste. Først var eg på ei vrimlande flott familiefokusmesse i kyrkja på Bryne. Så kom eg heim og oppdaga at min gamle venn Per Kvalvaag hadde radiogudsteneste i dag, så då måtte eg inn i P2 akivet og høyra medan eg bakte müslibollar og steikte vafler til familiekaffien.  Eg trur tittelen på gudstenesten var «pop-gudsteneste fra Selbu kirke». Eg anbefalar å gå inn og høyra.

Det var ein solosong der som eg ikkje kunne hugsa å ha høyrt før. Eg måtte senda melding til Per og spørja, og fekk vita at det rett og slett var ein Kari Bremnes- tekst. Den teksten passar godt her på ein sundag, så den vil eg avslutta med.

Viss du kommer tebake en dag

Hvis du kommer tebake en dag
vil du komme som venn?
Vil du komme som dommer og Gud
eller komme som barn igjen?
Vil du komme på sykkel
så kjortelen står etter dæ som et seil
Vil du komme te han som e fremme forlengst
eller ho som går feil
hvis du kommer igjen?

Hvis du kommer tebake en dag
vil du gå tel ei dør
der det står president eller pave,
imam eller sjefsredaktør?
Vil du heller gå inn tel en prostituert
eller heroinist
går du utenom status og penga og makt
som da du va her sist
hvis du kommer igjen?

Hvis du kommer tebake en dag
hvis du kommer hit nu
ka du sir om den krigen som går
om den einaste riktige tru?
Vil du komme te alle med fred
eller bare de utvalgte få?
Trur du ennu tilgivelse sju ganga søtti e veien å gå
hvis du kommer igjen?

Kari Bremnes

 

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: