Hotel Circus- Berlin
Her kjem ei helsing frå Hotel Circus. Bileta over er frå det romet eg sit i nå, kafeen, inngangsromet på hotellet vårt. Det ligg i sentrum av gamle Aust Berlin, ikkje så langt frå det gamle fjernsynstårnet. Det er fredag ettermiddag og det er i ferd med å skumra. Eg hadde trudd det var litt lenger lyst her enn heime, men det ser ut til å vera omtrent det same. Her sit det fleire og skriv og endå fleire og snakkar saman. Me havner ofte på stadar der dei fleste er meir på alder med dei vaksne barna våre enn oss, men det kjennest heilt ok…
I går då me skulle ut og fly i stormen, hadde eg mest lyst til å avlysa heile turen, men i dag hugsar eg kor godt eg liker å reisa.
Dagen begynte med hip og trendy frokost på den same staden som eg sit nå. Økologisk heimelaga Granholt med biologisk yoghurt, chiagrøt og plommepure…
Så bar det ut på eventyr. Sidan me hadde kjøpt ein firedagars reisebillett, hoppa me på den første trikken me såg bare for å sjå kor me ende. På trikken stod det Stadtgrenze, så me kom i overkant langt ut, derfor hoppa me på ein ny trikk og gjekk av første plassen me kom til eit lite sentrum. Etter ein liten times sightseeing og litt handling, hoppa me på ein S-Bahn og kom til eit område ca ein halvtime frå her, det var eit veldig triveleg spaserings- og handleområde, så resten av dagen brukte me til å gå oss langsomt tilbake hit.
Det er så mange fine og rimelege blomar når me kjem bare litt ut av vårt eige land. Fargane og luktene er overveldande. Eg liker godt å finna ein stad der eg bare kan sitja og sjå på folk. Eg ser ofte spor av det gode, ei storesyster som kjem på kafé med broren som er autist, og som roleg og tålmodig forklarer betjeninga at han må få ekstra varmt vatn i teen sin, to venninner som møtest på gata og som blir så glade at begge ansikta lyser opp før dei gir kvarandre ein klem, ein nynnande pappa med babyen i bæresjal, ei mor på veg heim frå barnehagen med to barn på den turkise sykkelen… Som visesongaren Trille song det så fint på åttitalet: Sådan ser jeg ofte striber af lys, ofte striber af varme, som når eg visken høres bedre enn et råb, ja jeg ser små skibe sejle fulle af håb.»
I bokhandelen over hadde dei så mange fine biletbøker. Eg klarer ikkje å gje opp håpet om å gje ut biletbøker sånn etterkvart. Det er dessverre ein veldig vanskeleg nisje å få innpass på.
Kafeen over var ein plass Leif hadde fått varmt anbefalt. Det var ein bitteliten indisk restaurant med spesielt fokus på veganarmat. Me bestilte ein meny for to som bestod av smaksprøvar av alt dei hadde. Det vart ei stor, mettende og fin oppleving. I føremiddag var vêret surt og kaldt med eit ørlite dryss av snø i lufta, men etterkvart skein det opp, og etterkvart vandra me rundt med skarp februarsol i ansiktet. Me gjekk innom hotellet for å kvila beina litt, og eg burde sett kva som kom, reisekameraten vart plutseleg så veldig trøytt, så han har sovna… Om eit par timar kjem resten av reisefylgjet, så me kjem vel ikkje ut før då… Det er nå koseleg å sitja her og skriva, då. Nå har eg brukt lang tid på cappuccinoen min, så eg må vel snart bestilla noko nytt for å forsvara å behalda stolen…
Heidi