Rottene på Alexanderplatz og andre inntrykk
I går kveld kom Heidi og Per Inge, og så var me eit reisefylgje på fire. Me åt middag saman på den italienske restauranten me prøvde ut kvelden før, der dei hadde så gode pizzabotnar og brød, og der det var lov å skriva på veggene.
Etterpå la me ut på sein kveldsvandring i hjartet av tidlegare Austberlin. Det var relativt roleg ute til fredagskveld å vera. Då me kom til Alexanderplatz sprang det plutseleg ei velfødd rotte rett framfor oss, og mindre enn ti minutt seinare møtte me ei til. Det seiest jo at i storbyar er det like mange rotter som menneske, men det er lenge sidan ei av dei gav seg til kjenne for meg.
I dag inntok me frokosten på eit lite bakeri like ved hotellet, så gjekk me mot Alexanderplatz igjen, denne gongen i sol og dagslys. Etter eit par kvartal gjekk me innom ein liten kunstbutikk. Der hadde dei mellom anna ein serie trykk med personar med hundeansikt. Eg syntest at boksaren over var så uttrykksfull, han minner meg om fleire eg har vore » på kryss og tvers av»…
Det er mykje rart å sjå i store byar og ikkje alltid like lett å orientera seg. Me tenkte oss til Brandenburger Tor. Då me kom på undergrunnsbanen sa dei at me heller burde ta S- Bahn, togbanen som går på bruer over bakkenivå, då me kom dit sa dei at det einaste fornuftige var å ta bussen, så gjekk me til ein busshaldeplass der bussen aldri kom, så fekk me vita at det var fordi ein del av bussruta var stengd på grunn av ein demonstrasjon. Så vart det S-Bahn likevel, og fram kom me…
Nå må eg gjera meg klar for ein ny etappe. Framhald fylgjer .
Heidi