Å vera menneske
Å vera menneske inneber og det å tilhøyra ein flokk og å ha kollektive meiningar. Det er lett å tenkja at me er individ, men meir enn noko er me nok fødde til å stå saman. Me blir fødde og sosialiserte inn i samfunn og tankemønster. I Berlin kjem dette ekstra klart til syne. Eit utarma og nedbøyd folk skal leva vidare. Aust og vest deler byen. DDR blir oppretta og to ulike ideologiar og politiske system fører til bygginga av ein mur.
Dette er ei historie nokre av oss e vaksne opp med, som barn fekk me høyra at Brrlinmuren ville stå for evig, og så hugsar me dagane i 1989 då me storøygde såg muren falla på fjernsynsskjermen. I dag har me vore på DDR- museet og sett det som nesten allereie er ei utruleg historie. Historia om det kommunistiske idealsamfunnet som var tenkt å vera godt for menneska, men som vart så forferdeleg feil. Eg gjer meg mange tankar. Eg har vore på museet før og anbefaler det veldig til andre reisande.
Framleis har nokon lyst til å byggja murar. Eg synest det er håp i det som har skjedd i Berlin.
Heidi