For alt som ein gong var og for alt som er
Me har hatt ei fantastisk helg i Bærum der me fekk oppleva våren koma for fullt. Det er nesten som eg er på veg bort frå mitt postulat om at våren er aller finast på Jæren. Det er noko med den eksplosive austlandsvåren som og er veldig fint. Dette at det plutseleg er femten varmegrader og vindstille medan det framleis er snøflekkar på bakken og is på fjorden, og dette at blåveisen sprett opp mellom alt det døde og brune i bakkane ute i skogen.
Den eigentlege grunnen til at me reiste bort denne helga, var at me var inviterte til å vera med og feira ein åttiårsdag. Tante Kari og onkel Bjørn er nokre av dei varmaste og mest gjestfrie menneska eg veit om. I dei meir enn tretti åra eg har vore inkludert i familien til Leif, så har eg alltid følt meg møtt med stor varme og raushet når eg er i lag med dei. Dei barnebarna eg møtte som små for lenge sidan er nå vaksne menneske som kom dit med eigne barn. Me fekk sjå lysbilete frå livet i storfamilien med aketurar, nisseverkstad og peparkakebaking og eg kjende litt på ein klump i halsen ved tanken på kor fort eit liv går. Då eg først møtte desse menneska, var foreldregenerasjonen yngre enn me er nå. Livet har gått mange rundar og, det har festa seg i linjer i ansikta og mange andre stader. Plutseleg er me som ein gong var ungdomane blitt besteforeldregenerasjonen, med og utan barnebarn, og dei som var dei vaksne den gongen er blitt endå meir vaksne, eller dei er ikkje saman med oss lenger. Måtte me ha sinnsro nok til å ta i mot alle fasane i livet og gjera dei gode. Me åt god mat saman, det aller meste heimelaga og heimebakt, og det vart halde talar og sunge songar, og mest av alt var det koseleg å snakka med Leif sine slektningar som eg etterkvart har kjent ganske lenge, men som me er relativt lite saman med, mellom anna på grunn av dei lange avstandane.
Det med å ha syskenbarn er fint. Eg har ein fin flokk eg og. I vaksen alder ser eg dei mindre enn eg kanskje hadde trudd me skulle koma til å gjera. Når alle får sine eigne familiar, blir avstanden lenger enn kva antall kilometer skulle tilseia. Likevel høyrer me saman på ein måte. Me deler barndomsminne og besteforeldre. Eg har vore så heldig å høyra til familiar der folk set pris på å vera i lag. Eg håpar det er ein tradisjon me kan ta med oss inn i framtida slik at mine eventuelle barnebarn og får den opplevinga som mine barn har hatt, og som eg har hatt, av å høyra til i storfamiliar.
Av ein eller annan grunn vil ikkje mobilen min spela heilt på lag med meg i dag. Eg sit her med blåveisbilete og andre vårbilete som eg hadde tenkt å ha med her, men av ein eller annan grunn nektar mobilen å lasta opp bileta… Eg finn vel kanskje ut av det etterkvart. Eg får leggja ut bileta då.
Heidi