Høyr meg, sjå meg, rør ved meg
Gud,
for meg er du utan andlet
Likevel bed eg
Om du finst,
så høyr meg,
sjå meg,
rør ved meg
og elska meg.
Lik ei mor med barnet sitt,
lik den som blir elska og elskar
Per Harling
Dette er ei bøn frå hjartet, kanskje frå ein som er ukjend med å be? Eg veit ikkje, eg kjenner ikkje forfattaren, eg bare likte bøna, som eg trur mange kjenner seg att i.
Å bli høyrd, sett, rørd ved og elska er vel det alle menneske, både dei som er barn, og dei som ein gong har vore det, djupast sett treng og drøymer om.
Sjølv har eg ein enkel rutine for bøn som eg har praktisert sidan i haust. Kvar morgon tenner eg to bønelys i vindauget når eg drikk kaffi. Det eine er for menneske som eg veit av ulike grunner treng at nokon ber for dei. Nokre av dei har spurt meg om å gjera det, andre har eg lagt til sjølv fordi eg kjenner på meg at det er slik det skal vera. Det andre lyset er for nokon eg av andre grunner kjenner spesiell omsorg for. Det er eit djupt meint rituale som eit ytre symbol for ei bøn, og så enkelt at til og med dei som ikkje veit om dei trur på Gud kan praktisera det. Eit tend lys er eit tend lys og så kan ein kalla bøna for eit ynskje om det måtte kjennast betre.
I Hamar domkyrkje er det eit bønetre i staden for ein lysglobe. Der kan ein tenna eit telys for nokon ein tenkjer spesielt på. Sidan eg var i Hamar domkyrkje på laurdag, så gjorde eg akkurat det. Der måtte eg og fotografera altartavla, som eg trur er laga av Henrik Sørensen, og det fine prosesjonskorset som Tor Arild Aspeland, faren til mi gode venninne Astrid har laga. Korset har symbola for alfa og omega, begynnelsen og enden, Guds lam og hjorten som tørstar etter levande vatn.
Mannen i ruta nederst til venstre dreg kanskje nokon kjensel på som Peter Halldorf, ein klok, varm og engasjert mann som brenn for dette med bøn og ettertanke. Eg var på seminardag i helga, eit av dei dagane som har overskrifta «Salig er tørsten». Eg var der saman med gode venner, og akkurat som eg visste så var det veldig fint å vera der. Eg trur den travle og lettare oppkava tida me lever i har veldig bruk for at nokon tek seg tid til ro og ettertanke. Ikkje minst trur eg at me som lever travle liv i denne tida har bruk for å pusta roleg og tenkja.
Mange kjenner til yoga og mindfullness, ikkje alle kjenner til at mykje av det same har gått som ein djup straum i kyrkja gjennom alle tider. Ho som skreiv boka «Eat, pray, love» skriv sist i boka at ho seinare kom i tankar om at ho kanskje kunne ha funne det ho søkte hos ein vismann på Bali i kyrkja nede på hjørnet. Det var bare ikkje i tankane eller fantasien hennar der og då at det kunne vera slik.
Det sitatet som gjorde aller størst inntrykk på meg denne helga fekk eg formidla av Peter Halldorf i foredraget han hadde på føremiddagen.
När vi inte länger betraktar någon människa som besudlad och oren, då vet vi at vi har ett rent hjärta.
Isak Syrien 670-t
Det er noko å strekkja seg etter. Konteksten var det å sjå Gud i andre menneske, og sjå mennesket bak handlingar og fasade.
Heidi