Skip to content

Life is a cabaret old Tjom, so come to the cabaret…

mars 24, 2017

image

Denne vesle romfararen, som er mykje mindre enn han ser ut som på biletet, står på ein blomsterkledd planet på Bekkestua og lurer på om han er på rett klode.

Eg er i alle fall på rett klode akkurat nå. Våren og lyset er her, og eg har ein ferie i miniformat der NSB har frakta meg til Bærum og godt selskap. Statsbanen gjorde jobben sin i går, med innlagd etappe med buss for tog nådde me først Kristiansand med rutemessig ankomst og var bare tjue minutt for seine til Lysaker stasjon der Eva Mari og Sunniva tok i mot meg med bil og hund. Og viss nokon meiner å lesa ein viss ironi inn i linja før denne, så er dei på viddene.

E-bokbiblioteket hengde seg opp, så bøkene eg hadde tenkt å lesa på toget hadde eg ikkje tilgang til. I staden vart det strikking, vakkert landskap gjennom vinduet, og det eg kan velgja å kalla pålagt lytting til alle samtalane som sveiv i kupeen medan eg strikka, åt vaffel og drakk kaffi. Eg liker å høyra folk snakka, og finn faktisk stor underhaldning i andre menneske sine historier frå livet. Eg har eit minstemål av «skammaved» og god oppdragelse, så historiane får bli hos meg til eg eingong skriv eit teaterstykke om samtalar på eit tog…

I dag har eg og Eva Mari nytt ein felles fridag på beste vis. Me har ete frokost med nybakt brød, drukke store mengdar kaffi, sett to filmer, gått tur, plukka lerkekvistar, vore på kafé på Bekkestua, strikka i timevis, ete fransk løksuppe, vore på garnbutikk, kjøpt låge sko til vårbruk og to svarte bukser. Innkjøpa i sist setning var noko eg har tenkt lenge at eg må koma meg til ein butikk for å få kjøpt, så det var nesten det motsatte av impulsshopping.

I morgon dukkar Leif og opp om NSB gjer jobben sin, og me skal i stort selskap i Asker for å feira at tante Kari fyller åtti år. Det trur eg blir fint. Det påståst at blåveisen blømer nå på desse kantar av verda. Kanskje eg finn nokon i løpet av helga.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: