Fortener eg snart ein hemul-diagnose?
Det har vore nokre veldig travle veker, så i dag var det herleg med ein sofakveld med strikketøy. Nå er årsmøtet med fordeling av kunst i den kommunale kunstforeninga vel gjennomført og sekretæren, det vil seia meg, kan lena seg litt tilbake. Eg hadde litt panikk for at nokon ikkje skulle ha fått dei kommunale mailane om at dei hadde blitt trekte ut, så den siste veka har eg leik detektiv både på 1881 og facebook i håp om å få tak på dei som ikkje hadde meld tilbake at dei hadde fått trekningsliste. Heldigvis lukkast eg veldig langt på veg i å finna alle saman, og eg trur dei fleste gjekk relativt fornøgde heim med nye kunstverk.
Forestillinga eg skriv i lag med ei manusgruppe frå tiande klasse i kulturskulen er så godt som ferdig, og i går las eg og Ingrid siste korrektur på billedboka vår som nå er send til trykkeriet, og som om alt går bra skal vera har i midten av desember. Det vart litt intrens jobbing der og i siste liten, for me såg at me ikkje var hundre prosent fornøgde med alt. Nå kjennest det bra. Utgangspunktet vårt var at me gjekk tur i skogen ein dag i vår og snakka om at det hadde vore så fint å laga ei billedbok saman. Ei bok me kunne bruka som barselspresang og til gave til små barn, ein variant av å gje heimestrikka vottar eller sokkar til nokon.
Etterkvart har prosjektet vakse seg litt større, men me reknar med at dette er meir eit uttrykk for skaparglede og gleda over eit nyfødd barn, enn ein stor forretningside. Eg gleder meg veldig til å få boka i hendene. Teksten går på rim og handlar om små barn, både menneskebarn og dyrebarn som ikkje har lyst til å sova om kvelden. Dei små vesena i boka har svært ulike levekår, men felles for dei alle er at det finst vaksne som er der for dei, sjølv om dei vaksne er mykje trøttare enn ungane sine…
Og dersom det måtte sjå ut som eg har babyar på hjernen, så kan det vera eit eller anna sant i det. I haust har eg kost meg med å testa ut fargar og design på babyluer. Nå skal eg festa trådane og dampa dei litt, så vil det visa seg om nokon har lyst til å kjøpa dei på julemessa i kyrkja. Viss ikkje så får eg nok gitt dei vekk sånn etterkvart.
Luene på biletet er kanskje to tredelar av den totale produksjonen. Kanskje eg er i ferd med å utvikla meg til ein hemul… For dei uinnvidde er det desse litt mummitrollaktige vesena i mummidalen som alle er totalt hekta på eit eller anna, det vere seg botanikk eller astronomi. Eg må innrømma at eg har prøvd å prakka på andre medlemmar i familien denne merkelappen…
Ute er det blitt veldig november med mørke morgonar og kveldar og nesten bladlause tre, men framleis blømer rosene i bedet framfor huset.
Morgonane lysnar først når me er på plass i klasseromet. Dette året har me vindauge i ein annan himmelretning enn før så me ser ikkje dei tusen kråkene letta frå trea sine, men omtrent tjue minutt inn i første time kjem dei tungt flaksande forbi oss. Nå er me i den årsfasen der me som eg skreiv om i hausdiktet dagen etter at Donald T vart lovleg vald til president i USA. Me syklar gjennom novembermorgonane. Syklar gjennom regnet i side svarte regnkåper. Syklar under lyktestolpar fulle av spindelvev til me blir varme og klare for nye dagar.
Eg veit at nokre av dei som les her sa at dei gjerne ville kjøpa diktboka når ho kom ut. Dersom eg har gløymt nokon, så gje meg eit hint. Nå skal eg vera flink og leggja meg «tidleg» slik at eg kan kosta på meg litt lesing på senga. Eg les to fine bøker parallelt. Kasnkje eg skriv om dei her etterkvart.
Framleis god november til alle.
Heidi