August

AUGUST
August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.
Dette hemmelige milde inn over jorden,
denne lyende stilhet:
Tal Herre, tal!
dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.
Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsfred over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.
Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.
– Einar Skjæraasen – (1900-1966)
Eg klarte ikkje å la vera å bruka Einar Skjæraasen sitt nydelege augustdikt dette året og. Naturdikta hans er noko av det vakraste eg veit, og dette er nesten det aller vakraste.
Eg gjekk av toget i juli med den tunge kofferten min, og medan eg vandra gjennom gatene på Bryne på veg mot huset vårt så vart sommaren langsomt til august. August er ein av dei månadane eg er aller mest glad i. Det paradoksale er at det alltid er med eit visst vemod ein tek i mot vekene i august, for dei ber bod om at sommaren går mot slutten. Nå gjeld det å fortelja seg sjølv at det heiter sommar i fire veker til, og at det er den aller finaste delen av sommaren me går inn i akkurat i dag.
Eg skreiv at eg hadde litt blanda kjensler for å bli aleine i ei leiligheit i Oslo med to kattar, men at eg tok det som ei utforsking av komfortsonene mine. Etter å ha vore i lag med til dels ganske mange menneske heile tida i heile sommar var det uvant å skulla vera i eige selskap i tre dagar. For det første var eg sjølvsagt ikkje heilt aleine i tre dagar når alt kom til alt. For det andre så var det faktisk veldig godt med aleinetid. Etter fem-seks veker med ferie er det ei god kjensle å flyta rundt i god tid og i dagar som lagar seg til etterkvart som dei kjem. Eg hadde eit utruleg hektisk arbeidsår med studier på toppen, så sommaren i år var ekstra velkomen. Nå skal eg nyta siste rest av skuleferie (les avspasering om du måtte ha behov for det). Eg kjenner på kroppen og sjela at ein etter å ha hatt nokre rolege veker har fått kvilepulsen på plass og meir tid og rom for dei store tankane enn elles i året. Det er godt slik. Kanskje eg kjem att om ein dag eller to med eit av mine eigne august-dikt. Eg kjenner det ligg nokre linjer der som har lyst til å bli skrivne.
Heidi