Gå til innhald

Femte dagen i august

august 5, 2019

Heimesommaren er den tida ein håpar på å få gjort ein del av alt som alltid skulle ha vore gjort, den tida ein skal nyta ferien heime, og den tida ein har tenkt seg rom for kreativitet og spontane innfall… Det seier seg kanskje sjølv at alt dette ikkje går i hop slik at ein får gjort alt saman samtidig. Desse dagane er gode, og dei går fort. Alle dei øverste bileta er i frå i dag. Eg har hatt ein fin dag hos og i lag med mor og far og har plukka masse rips og stikkelsbær. Eg liker å plukka bær, spesielt når det ikkje regner. Det er noko meditativt med det å ha god tid og bare hausta inn i bøtter og litermål av det gode denne månaden har å by på.

Eg har gode minne frå barndomen med koking av saft og syltetøy både heime og hos begge para mine med besteforeldre, eg hugsar den gode lukta og den hektiske aktiviteten med saftkokar, sterilisering av glas og flasker og forsegling av syltetøyglas med syltevoks slik at innhaldet skulle halda seg.
Eg hugsar at farmor i tillegg til dette dreiv med hermetisering av pærer og plommer. Før fryseboksar var allemannseige og syltetøyet var mykje enklare å kjøpa enn å laga sjølv, ser eg, og hugsar eg, at det var mykje slit i det å driva matauk…

Sjølv ser eg det paradoksale i mengdene med sukker ein ofte må bruka for eksempel i gammaldags syltetøy, og tenkjer at det er ikkje fornuftig mat lenger… Likevel observerer eg at heimelaga mat frå botnen av har fått ny status. Ein kan godt gje heimebakte brød og heimekokt ripsgelé som ekslusive og velkomne gavar, og snart er kanskje fiskebollar i kvit saus festmat fordi ingen lagar det til kvardags lenger?

Å sjå på at frukt og bær ikkje bli brukt, kjennest heilt feil. Med mor og far si hjelp til plukking og rensing har eg nå frose 7-8 liter rips, og ei bøtte med grøne stikkelsbær står på kjøkkenbenken. Den første oppgåva i morgon blir å koka gammaldags grønt stikkelsbærsyltetøy, for det synest eg er så godt. Kanskje det går an å knipa inn på sukkermengda, det får eg finna ut når eg kjenner smaken på det. Etter googling på oppskrifter, så fann eg ut at ein moglegheit er å koka stikkelsbærchutney med lauk, eddik, sukker og sursildkrydder i, men eg er redd at det blir hakket for sært? Kanskje det ville vera meir tidsriktig enn syltetøy? Eg får sova på det, men eg trur nok kanskje det blir bestemorssylting… Eg begynte forresten først å lika stikkelsbær- og plommesyltetøy i tenåra, før det var det «vaksent og kjedeleg». Det som er litt synd er at det omtrent samtidig gjekk opp for meg kor usunt syltetøy på mange måtar er…

Den grøne bølgja har nådd heimen. Me, det vil i praksis seia Leif prøver oss litt med pallekassar med salat, lauk poteter og blanda blomsterfrø. Me lærer vel etterkvart… Avlinga er betre enn i fjor i alle fall.

Noko av det eg liker med august er denne overveldande mogninga. Heime hos foreldra mine er plommetrea fulle av plommekart, og i drivhuset til far veks det grøne druer og tomatar. Blomsterbeda har han og skikkeleg taket på, så eg snik meg alltid til å få plukka med meg bukettar når eg er heime. Marikåpe vil eg prøva å få tak i til min eigen hage, for planten har så nydeleg grønfarge og gjer seg så godt i bukettar. I dag oppdaga eg kor fint det var i lag med rosespirea.

Med til bærplukkardagen høyrde to invitasjonar til bords, først tomatsuppe med egg servert med franskbrød, ein fulltreffar frå barndomen, og så kaffi, lefse og rips med vaniljesaus. Det er litt deilig å ha ein dag som «dotter» i heimen, eg har jo stort sett avansert til å vera «mor» når ting skal ordnast og nytast. I helga var eg aller mest «mormor» og nytte kvart sekund av det, sjølv om det er ein veldig søvnig form for nytelse ein blir utsett for når nokon er lysvaken og klar for livet klokka fem om morgonen. «Sova mormor?» «Mamma og pappa sova henne? Sova aen plass? Mommor kåma, læsa bog? Bygga? Iben ner!» «Ner» betyr i denne samanhengen ut av sprinkelsenga i loftsetasjen og ned i stova… Det var ikkje feil med eit vaktskifte klokka halv åtte slik at mormor kunne sova ein ekstra time før mormordagen gjekk vidare.

På veg heim stansa eg ved Melsvatnet for å ta ein liten runde når eg først var der. Det var nydeleg ute. Eg rakk akkurat rundt mellom to kveldsbyger. Geiteramsen stod høg, det bugna av markblomar langs vatnet, mange sauer og ein stor svanefamilie åt gras langs vegen og vatnet og vannliljene blømde ute i vatnet. For meg er alt dette veldig heime, men eg kom til å tenkja på at det kanskje kan vera nesten eksotisk for dei som ikkje bur på desse traktene. Derfor inviterer eg til å slå fylgje via bileta over.

Eg har så mykje eg ville ha skrive. Kjem tid, kjem råd.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: