Driva rundt i sommaren
Eg liker å driva rundt i sommaren. Eg liker meg godt i naturen, men etter at eg vart vaksen og vel så det så har det gått opp for meg kor godt eg likar byar og. Eg liker store samlingar med menneske og det å kikka, smugkikka, lytta og smuglytta. Eg liker å finna ut meir om det å vera menneske og det å vera andre, og eg liker å observera smil og venlege handlingar sjølv når dei reint objektivt sett verken er til meg eller har noko med meg å gjera.
Første del av dagen gjekk eg i lag med Eva Mari. Me haldt oss stort sett på Grünerløkka. Me var innom små butikkar der dei allereie hadde sommarutsal, det som heiter «sale» i store delar av konfeksjonsbransjen. Til mi eiga overrasking ende eg opp med kjøp av fleire klesplagg. Ho er ein av mine desiderte favorittpersonar å driva rundt i byar med.
Då Eva Mari måtte heim, fann eg ut at eg ville driva vidare aleine. Eg hadde ein fantastisk ettermiddag og tidleg kveld der eg sat lenge på benkjer og bare såg på livet. Eg hadde ein lang samtale med ein = Oslo-selgjar som fortalde mykje om livet sitt og om korleis det var å vera han. Han lyste opp då eg ønskte han masse lukka til vidare, for eg trur han såg at eg oppriktig meinte det. Eg innser at det skal mykje til å vinna kampen for å bli rusfri, men eg håpar det er oppnåeleg for dei fleste menneske å få så pass kontroll på livet sitt at dei opplever at dei kan ha eit verdig liv.
Eg takka nei til ein godt vaksen mann med kort rundt halsen som ville ta meg med inn på eit kontor i ei sidegate for å foreta ei undersøkjing av mine kjøpevanar med eit flakslodd som premie. Eg trur heilt sikkert at han snakka sanr, men eg sa som sant var at eg ikkje orka ei kjøpeundersøkjing i dag. I staden brukte eg lang tid på Tanum bokhandel med lovleg smuglesing i mange bøker og ein innkomande facetimesamtale med barnebarnet som ville visa at ho hadde laga ein fin hatt i barnehagen. Eg kjøpte meg ei bok som virka interessant og etterpå ein softis med nøttestrø og sette meg på ein mur og lytta til ein gatemusikar som spelte den same melodien mange gonger på saksofonen sin.
Eg vart ramma av ei plutseleg fridomskjensle. I dag var det ingen som venta på meg, eg kunne rett og slett gjera akkurat det eg ville, gå på kino om eg hadde lyst eller noko heilt anna. Eg gjekk til og med til Saga kino for å sjekka om det var ein spennande ettermiddagsfilm, men det gjorde det ikkje. Då gjekk eg ned på Aker Brygge. Der drakk eg kaffi og las i boka eg hadde kjøpt. Så sat eg på ein benk og las vidare i boka. Til slutt gjekk eg ytterst ut på brygga og såg på folk som solte seg, bada eller kjørde rundt i motorbåtane sine eventuelt segla i seglbåtane. Etter ei veke her er eg einig med meg sjølv i at Oslo er ein fantastisk sommarby, ikkje minst når veret er til dei grader på lag med meg.
Nå har eg brukt nokre timar i leilegheita i lag med kattane og støvsuga, rydda og vaska litt slik at det skal bli ok for dei eigentlege bebuarane å koma heim tidleg i morgon kveld. På onsdag sleper eg med meg kofferten min og dreg heim for å vera mormor og ein del andre ting. Det blir fint det og.
Heidi