Ny helsing frå skrivestova
Så sit eg her i dag og med ein tekst som eg fekk lyst til å la prøva vengene sine her på bloggen. Alle innspel blir tekne til etterretning og ettertanke. Temaet er framleis håp. Eg ser for meg dette som ein av fleire byggjesteinar i noko som skal bli ei forestilling eller kanskje ein konsert etterkvart.
*
Me står her, Gud med livet vårt
i bøn for denne jorda.
Med trøytte tankar kjem me hit
og leitar etter orda.
Ver hos oss, Herre, gi oss håp
og tru på at det vender.
Nå legg me oss og jorda vår
til trøyst i dine hender.
*
Når dagar kjem og dagar går
og endringsviljen manglar,
når ingen lyspunkt er å sjå,
og framtidstrua hanglar,
då nynnar me for jorda vår
ein song om kraft og draumar,
ei bøn om vilje, lyst og håp
om mot i sterke straumar
*
Så kjem ein dag i februar
då vinterlyset smiler,
og kjem med bod om sommar att
til oss som går og tviler.
Sjå snøklokker med halsen bar
i trassig tillit talar
om lys og varme, liv og tru,
om fest i grøne salar.
*
Og i september kjem ein kveld
der lyset gyller enger,
og alt er moge, mjukt og godt,
og gleda har fått venger.
Når jorda står med moge korn
og frukt i fulle hender,
og kviskrar trygt ein song om håp,
om håp som aldri ender.
Heidi
Utrolig nydelig, Heidi 😘 Noe av det beste jeg har lest på lenge. Takk 😊