Gå til innhald

Skrivedag

februar 14, 2020

Av og til kjem tekstane til meg heilt utan motstand. Dei sånn omtrent bare dukkar opp setning for setning og blir til eit heile utan at eg veit heilt kor dei kjem i frå. Det merkelege er at dette er tekstar eg ofte blir godt fornøgd med etter den obligatoriske umiddelbare forvirringsfasen etter at ein tekst er skriven, der eg ikkje veit om det eg har laga er brukbart eller ikkje.

Det er ikkje alltid slik. I dag har eg jobba med ein tekst som eg har lagt vekk og funne fram mange gonger. Han har rett og slett ytt meg motstand. Eg veit sånn omtrent kor eg vil hen, men rim og språk og rytme har ikkje villa seg heilt. Før ville eg ha lagt vekk slike tekstar, men ein gong var eg på eit seminar der me vart oppfordra til å slipa og pussa millimeter for millimeter heilt til me hadde fått fram det me ville. Eg tenkte at det må eg jammen prøva på ein gong…

Nå tek eg til motet, for det finst små avgrensa område i livet det eg er ganske modig, og legg ut arbeidet slik det er nå…

Kanskje nokon i det store usynlege rådet som sit der ute og les vil gje meg tilbakemelding? Kommuniserer dette? Kva bør eg sjå nærare på eller endra på? Eg har tankar om at denne salmen, om han blir ferdig skal vera ein del av eit større verk om håp og om ei meir berekraftig og rettferdig framtid:

*

Eg lener meg mot tillit,

eg legg kinnet mitt mot tida,

vil våga vera levande

vil synga, elska, strida,

vil stå her midt i livet

der eg høyrer, ser og kjenner,

eg trur at kjæleik varer,

at det gode aldri ender

*

Eg lener meg mot andre

me er mange som skal kjempa,

me trur på tru og liv og håp,

og ingen skal få dempa

vår tillit til Guds kjærleik

og vår tru at me skal finna

at lys og kraft skal sigra

og at kjærleiken skal vinna.

*

Me lener oss mot livet

det me veit at me skal leva,

i lyset frå Guds skaparkraft

her frå og inn i æva.

I livsmot, kraft og glede,

der skal du og eg få vandra.

Me trur at godleik varer,

og at håpet kan forandra.

*

Eg er glad for all tilbakemelding, og får eg ingen, så har vel denne runden på bloggen gitt tankane ein ny runde med «slipsteinsvalsen» (som går og går og går…)

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: