Gå til innhald

7.mars

mars 7, 2020

Våren er her på jærsk vis, med ruskever, krokus, klosterklokker og grøne skot på mørke greiner. Vinterferien var over sist helg, og på måndag var det lyst då eg sykla til jobb.

Livet er mangfaldig, og bloggen har ikkje heilt makta å halda fylgje med livet mitt, det som skjer og skjer. Då blir det alltid litt vanskeleg å skriva her fordi eg ikkje veit kva ende eg skal begynne i.

Sidan sist har Jahn Teigen og Alf Cranner teke steget ut av tida. Eg likte dei godt begge to. Landet vårt har fått Korona-feber saman med at Koronaviruset kom til landet. For første gongen har eg opplevd at menneske er sett i heimekarantene, at skular har blitt stengde og at Holmenkollrenn måtte gå utan publikum. Det er merkelige tider. Sjølv er eg vel ikkje eigentleg skremt, men eg synest det er bra at me prøver å begrensa eit virus som er farleg for gamle og sjuke mest mogleg. For ein gongs skuld har eg blitt ganske forkjøla, men sidan eg ikkje kan sjå at det er nokon som helst sjanse for å ha Koronasmitte, så har eg våga meg på både tog, teater og i ein seksti-års-dag, men det er bare så vidt eg torde å hosta, for ein vil jo ikkje skremma folk. Eg såg at nokon meinte at alle forkjøla burde halda seg inne. For oss som jobbar i skulen og vassar i forkjøla ungar til ei kvar tid, høyrest det litt utopisk ut å tru at samfunnslivet ville klara å halda seg oppe dersom alle forkjøla haldt seg inne. Men kanskje eg må begynna å tenkja i nye banar.

Noko veldig triveleg som skjedde i vinterferien var at eg vart grandtante til ein nydeleg liten gut, barn nummer to på mi side av slekta, så nå får barnebarnet antydning til konkurranse. Den dagen eg fekk vita at han var blitt fødd måtte eg feira det med å skriva ei lita voggevise.


Voggevise til ein nyfødd liten gut:

Du reiste til oss gjennom natta som var
mens vindane susa og song.
Eit morgonlysbarn kom til mor og til far,
dei stod der med alt som du trong.
Velsigne deg vesle, med lys og med liv,
må jorda ta vennleg i mot deg,
med blomar og gras og med draumar som sviv.
Me lengta så til å få sjå deg.

Må jorda bli vennleg og bera deg trygt
mens vindane susar og syng.
Må du bli beskytta mot alt som er stygt,
må solstråler kitla ditt fjes.
Velsigne deg vesle, må vegen bli god,
må jorda ta vennleg i mot deg,
må håpet bu hos deg og livsmotet gro,
må gledene pakka seg rundt deg.

Sjå vindar skal blåsa frå aust og frå vest,
skal storma og ula frå nord,
skal leika frå sør, laga sommar og fest,
når verda blir open og stor.
Velsigne deg, vesle, hos oss skal du bu,
må livet ta vennleg i mot deg,
og vogga deg mjukt gjennom frykt, håp og tru.
Me er her og lever det med deg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: