Gå til innhald

Dette eigendomelege lyset

april 19, 2020

Våren

Våren kjem grønkledd gjennom gatene,
ein mann med ryggsekk
som kjem oss i møte.
I dette eigendomelege lyset
ser me kva me mest har gløymt.
Med eit vemod vakrare, djupare og sårare
enn det me kan klara å svelgja
gjer me oss klare til å ta i mot.
***
Dette året er dei første verkeleg varme, fine dagane meir velkomne enn nokon gong. Det er velsigna godt og normalt å sitja ute i sola på ein stol og drikka kaffi saman med nokon som kom forbi og kan halda ein med selskap på foreskriven avstand.

Det er velsigna godt og normalt å trilla barnevogn gjennom gatene, sjå dei første humlene og blomsterfluene meska seg i blømande løvetenner og observera at bjørka sprett rett og slett. Det er ikkje godt å seia om dette kan vera slikt som varer, men den slags har me lært oss å ikkje fokusera på.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: