Gå til innhald

Det var den våren

april 20, 2020

Det var den våren me ikkje fekk lov til å ta på kvarandre,
på to meters avstand kunne me nesten ikkje
klø kvarandre på ryggen med lange pinnar ein gong.
Me spelte trompeter på balkongar og altanar
som skulle me ha vore italienarar,
og song oss gjennom lange songbøker
og la det heile på internett
Me samla lange perlerader av minner
og alt me hadde opplevd
den gongen kvardagane fantest,
og verda framleis var på hengslene
sånn nokolunde i alle fall.
Me hengde opp regnbogar i stengde butikkar
og forsikra kvarandre om at alt skulle bli bra.
Medan ryggane knirka,
tennene murra,
naseputene datt av brillene
og skosolane løsna,
var me Robinson og Fredag
på øde øyer kvar og ein av oss-
sydde oss munnbind på nedstøva symaskiner,
sette poteter i blomsterpotter,
laga pyramidar av dopapir,
og smilte bleikt til kvarandre frå kvar vår skjerm.
Det var den våren me tørka nasane i smug,
djupt skamfulle i skjul bak høge tre i skogen,
bak hjørnene på nedstengte butikkar
stod me og togg allergitabletter og håpa dei skulle virka,
medan me smilte bleikt til kvarandre
og vinka frå kvar vår skjerm.
Det var den våren me sov med radioen på,
vart spora på mobiltelefonen,
og hadde ein ståande invitasjon til sjukehotella
medan hyttene snødde ned
og kinoane viste filmane på utsida i staden.
Det var den våren me leigde lift for å vinka til oldemor
gjennom vindauget på sjukeheimen,
og såg stygt på dei som prata saman på gata.
Det var den våren me levde på vitaminer
og godt emballerte knekkebrød,
medan me skurde appelsiner og avokadoar
med grønsåpe og salmiakk.
Det var den våren me gløymde at me hadde avtalebøker
i eller utanom mobiltelefonene,
og aldri gjekk til søppeldunkane eller vaskekjellaren
utan handspriten trygt på plass i lomma.
Det var den våren nattverden vart digital
og hårklipp noko ein googla seg fram til å ordna sjølv.
Det var den våren me fantaserte om å gå
i butikken utan latexhanskar.
Me ser fram til den dagen me får lov til å kasta maskene
og springa ut på gatene for å klemma folk me ikkje kjenner,
klemma dei i pur livsglede
og bare fordi me ikkje lenger kan bli bøtelagde eller fengsla
for slike utskeiingar.
Det var den våren me tenkte,
som skulle me vera fullstendig forvirra,
at når me om ein månad eller om ei veke eller sju
får lov til å halda nokon i handa utan å visa vigselsattest
eller sambuarkortrakt,
kjem me sikkert aldri meir til å orka å sleppa taket.
Me skal bare stå der under regnbogane
og ikkje vita noko som helst om aksjekursar og børsnoteringer.
Me skal stå der å kjenna at me lever.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: