Gå til innhald

Å vera barn

april 18, 2020

Det i meg som har vore barn

Det i meg som har vore barn
er framleis lite og sårbart.
Det i meg som har vore barn
er lukkelegast og tristast.
Det i meg som har vore barn
har levd lengst og veit mest om livet.

***
Diktet over er frå den siste diktsamlinga mi. Det er inspirert av ein tekst av Carl Petter Opsahl. Då eg skulle gi ut boka vart eg redd at teksten min nærma seg plagiat og spurde Carl Petter om eg skulle ta han ut av boka. Det syntest han ikkje at eg skulle gjera, men eg har med ei fotnote der eg fortel kor eg har henta inspirasjonen frå. Eg blir glad over at det finnest så mange skapande menneske som er veldig rause.

Dagen opprant med det same fantastiske veret som i går, så eg inviterte barnebarnet med ut på tur. Ho hadde lyst til å gå ein annan stad i dag enn i Sandtangen der me ofte har pleid å gå. Me tok med oss rosinbollar, jordbærsmoothie og våtserviettar til handvask og la i veg med vogna. Eg hadde ein slags plan om å finna ein leikeplass utan mange andre barn eller kanskje gå til Tinghaug. Det viste seg at gangvegen var stengd på grunn av graving, truleg i samband med den nye skulen dei byggjer, så me kom oss ikkje forbi. Eg begynte å gå ein dabbeveg opp til garden som ligg der, men innsåg at eg ikkje kom til å koma meg rundt med barnevogn. Samtidig begynte barnet å glippa med auga, og ho burde absolutt ikkje sovna i vogna for dei vaksne prøver å halda på ein kvil i senga utpå føremiddagen.

Eg kom på at eg kunne la meg inspirera av Cecilie Skog som sa på Lindmo i går at kunsten med å gå tur med små barn var å ikkje gå langt, men å la dei oppdaga naturen og bruka den tida dei trong. Eg fortalde henne at «Dette er jo ein veldig spennande veg å gå på, kanskje du har lyst til å gå sjølv?» Det hadde ho. Ho hadde til og med lyst til å sjå om ho klarte å trilla vogna sjølv.

Lenger oppe var vegen dekka av mose, og eg sa «Nå går me på måse. Dæ grøna hette måse, kjenn så godt å mjukt dæ æ å gå på.» Ho sa «Dette va enn spennande vei, mommor. Nå går me på måse.»

Eg kom til å tenkja på at omtrent i dette området, bare litt forbi der vegen var stengd, pleidde eg å gå tur med min morfar og den eitt år yngre broren min. Me hadde kvar vår lille ryggsekk, som morfar kallar rypesekkjene våre, den eine var blå og den andre raud. Oppi der hadde me matpakke og i beste fall kvar vår miniatyrflaske med eventyrbrus. Det var ikkje veldig mange metrane me gjekk for å koma til det området morfar kalla Paradis, og av og til Amerika. Etter å ha ete matpakkane og samla med oss litt pinnar, konglar og ekstra fine steinar, kunne me stolte returnera og fortelja at me hadde vore i Amerika. Turane hadde ikkje blitt betre om me var blitt kjørte langt med bil eller blitt oppmuntra til å gå ei halv mil. For dei som var tre og fire år var turane heilt passe lange.

Dei tankane kom til meg då eg og veslejenta gjekk oppover den veldig spennande vegen. Me sette frå oss vogna og gjekk opp på ein liten haug der det vaks mykje av det eg kalla «hestablomma» då eg var lita, men som ungane nå for tida kallar løvetann. Ho var kjempestolt over at ho klarte å gå opp utan å leia nokon i handa, og at ho til og med fekk til å springa i det fjorgamle halmgule graset der det hadde begynt å spira grønt nytt gras gjennom det gamle laget. Me prøvesat små og store steinar, opptil fleire gonger på kvar, med og utan rosinbolle i handa. «Mommor æg liga så godt å sitta på steina å sjå på alle huså!». Til slutt orka ho ikkje å gå meir og eg tilbaud å bera henne litt. «Men mommor, æg æ jo blitt så store å tunge». Det kunne eg bekrefta, men sidan ho har «ei veldig sterke mommor» så skulle det nok gå bra likevel.

Motivasjonen for å gå heim eller å bli trilla dit i vogn var ikkje heilt til stades, men då me begynte å fortelja eventyret om Rødhette som ho har lese veldig mange gonger, så gjekk det bra å sitja i vogna likevel. Det var veldig motiverande at eit av husa likna veldig på huset til bestemora til Rødhette, og at me såg mange fine hestablomar Rødhette kunne ha plukka til bestemor. Det var såpass spennande å høyra eventyret at det fekk bli ein reprise medan me gjekk heimover med vogna. Det vart til og med tid til ein runde med pannekaka som trilla frå kone, krone gamlefar og sju skrikerungar, høne-pøne, hane-pane og anna fjørkre heilt til den usalige enden på trynet til Gylte Grisesylte. Tenk så kjekt at barnet nå kan lytta til «lange eventyr» utan å måtta sjå bilete for å bli fenga, i alle fall eventyr ho har lese med bilete til mange gonger.

Ho var i strålande humør då me nærma oss huset heime, og hadde vore på ein fin tur på «ein veldig spennande vei». Siste verset på Alf Prøysen sin song om hønemor med åtte gule små kunne ikkje ha passa betre enn det gjorde i denne samanhengen… «Du synest det er lite fordi du er så svær, men det er mer enn langt nok for den som liten er». Og plutseleg var det veldig fint å tenkja på at gullungen sitt første landskap er det same som eg opplevde dei første fem og eit halvt åra mine i. Tenk at Paradis og Amerika er rett over vegen.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: