Gå til innhald

Eit dikt til alle elevane mine

juli 7, 2023

Etter 38 år i skulen tenkjer eg framleis på alle elevane eg har hatt som «mine». Eg har vore så heldig å ofte ha fått fylgja elevane mine i mange år om gongen, så dette gjeld ikkje fullt så mange barn som ein kanskje kunne tenkja når ein ser antalet år. Det er mange yrke eg kunne ha tenkt meg å ha, eg trur eg kunne ha trivdest som psykolog, prest, blomsterbindar eller forfattar på heiltid, men eg held på at det yrket eg har hatt, og framleis har, er heilt fantastisk. Som lærar får du brukt alt du måtte ha av krefter, tålmod, fagkunnskap og kreativitet. Du får brukt det kvar einaste dag og heile tida. Ofte kunne du ønska deg fleire og lenger armar og fleire timar i døgnet, men samtidig gir det deg ei sterk kjensle av å til ei kvar tid vera midt i det mest levande og vibrerande livet.

Lærarar vil sikkert svara ulikt på kva som har vore det aller finaste. For meg har det vore å få tette relasjonar til sprell levande ungar ,og det å få gå ved sida av dei gjennom ulike utviklingsfasar. Eg trur at det er mange eigenskapar som er gode å ha om ein ynskjer seg inn i dette yrket, men eg trur at det aller viktigste kanskje er det å vera glad i menneske og det å vera interessert i kva eit menneskeliv kan romma.

Dersom du som les dette faktisk er ein av elevane mine gjennom tidene, så ta det til deg som ei spesiell helsing frå meg. Alle de andre kan lesa det som om det var skrive av ein av dine lærarar…
Collagane er laga av to barn som er elevar på trinnet mitt akkurat nå. Eg har ikkje fått spurt dei om lov, men reknar med at dei ville synast at det var greitt…

Eit dikt til alle elevane mine.

Eit dikt til alle elevane mine,
til dei som fekk mine første lærarår,
dei uslepne og entusiastiske åra
med brennande iver
ispedd mange prosjekt
eg aldri heilt fekk landa.

Takk for alle bøker og eventyr
me fekk ta fylgje gjennom saman.
Takk for alle dei gode og levande samtalane,
som stundom tok oss langt vekk
frå det eigentlege læringsmålet for den timen.

Takk til Emil, og Ronja Røverdotter,
eg har hadde dykk begge i klassen,
meir enn ein gong.

Takk til Pippi Langstrømpe,
med og utan hijab,
for alle dei herlege utemma ideane,
og for ditt store og sjarmerande mot.

Eg sender dykk varme tankar,
ikkje minst til Bolla Pinnsvin,
som kom nykjemma roleg og trygg
til skulen kvar dag i god tid før skuleklokka ringde
alltid med nistemat og pennal på plass i sekken din.
Takk for at du sat der og gjorde så godt du kunne,
sjølv om du tenkte litt på mammaen din
og lengta heim i ein og annan mattetime.

Takk til Helene Harefrøken
som aldri klarte å sitja stille på stolen
meir enn sju minutt på gangen,
og som ufiltrert kom med
vidunderleg sprettande tankar,
som alltid fekk meg til å le.

Takk til Nøtteliten,
som ofte hang etter føtene i eit tre
då det ringte inn,
og som heller ville stått på ein scene
enn å læra norsk grammatikk.

Eit dikt til alle dykk
som har fått hjartet mitt til å vibrera
og tankane mine til aldri heilt å ta helg eller påskeferie,
til alle dykk som har fått adrenalinet mitt til å brusa,
og som har gitt meg hjelp til å temma tålmodsmuskelen.

Eit dikt til dykk som fekk meg til å le høgt og uhemma
når eg langt heller burde blitt streng,
til dykk som likte så godt å mala
at eg heilt upedagogisk let dykk halda på til siste slutt
og sjølv vaska penslane etter timen.

Eit dikt til deg som ofte varma hjartet mitt
med klemmar og små sjenerte smil,
og med fine feilstava helsingar på små utrivne papirlappar,
og til deg som laga fargerike teikningar,
som nesten fekk meg til å kontakta eit kunstgalleri.

Varme gjenkjennande tankar til deg
som alltid ende med flekkete genser og flokete hår.
Eit dikt til deg som lyste av omsorg for andre,
og til deg som ofte drøymde om å overta klasseleiinga
og kjøra strame taumar.

Eit dikt til dykk som fekk min første kjærleik,
og til dykk som akkurat nå
får den mognaste, siste etappen av lærarlivet mitt.

Eit dikt til dei finaste folka nokon kunne drøyma om å ta fylgje med.
De har gitt meg store venger og mykje glede.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Eva Hægstad's avatar
    Eva Hægstad permalink

    Ååå, dette var godt å lesa,Heidi! Det var ein minneløysnar. Ein etter ein dukka fram mellom alle elevane eg har hatt oppigjennom åra, kvar einaste ein med sitt særpreg. Litt av ein rikddom!
    God sommar!

Legg att svar til Eva Hægstad Avbryt svar