Gå til innhald

Songen om alt som var

oktober 2, 2023

Eg trur det første kapittelet i den nye diktboka mi skal vera dikt frå min eigen barndom. Eg har ganske mange av dei, men dei kjennest viktige. Det eg lurer på er om dei er for «smale», nærmast bare ei minnebok for meg sjølv, eller om det går an å kjenna seg att i dei. På grunn av den problemstillinga har eg kutta ut ein del barndomsdikt som eg tenkte var mest for meg sjølv, for dei som vaks opp på det same byggefeltet eller gjekk i den same klassen som meg på Ålgård skule.

Eg synest desse dikta fortel ei ganske sann historie om kven eg var då eg var frå sånn omtrent fire til sju år gammal, men er det interessant for andre å møta dette barnet? Dersom eg begynner ei bok med slike dikt, vil då mange tenkja at heile boka er uinteressant. Det er så mykje ein kan lura på, og i dei siste svingane kjenner ein seg nesten «ordblind». Som alltid tek eg godt i mot alle innspel.

1.

Songen om alt som var

Det spelar ein song i sommargraset,
ein song frå gløymde heimelaga seljefløyter.  
Morfar laga dei til oss,
dei ber på songen om alt som var.

Sykkelklyper og armstrikkar,
matpakkar til onklane i tømde sukkerposar,
smaken av sukkerbiter dyppa i kaffi,
eller stukne ned i eit appelsin
som ein saug safta ut av.

Lukta av nivea og syrinar,
av varm gummi frå luftmadrassane,
raslinga av papirposar frå morfar si sykkeltaske
med varer frå Sverres konditori.

*

2.

Grøn krukke frå barndomen

Nokon går med tøflar i trappa mi
det er truleg ein onklar frå barndomen
med armstrikkar kring skjorteermene
og håret greidd bakover med cheseline hårkrem.

Eg ser eg den grøne krukka på skjenken,
den eg skulle knusa av vanvare
mykje seinare, etter at eg var blitt vaksen
og onklane og bestemor var døde.

Det var ikkje ei veldig fin krukke,
men bestemor var glad i ho,
så eg gråt då det skjedde.

*

3.

Prikkete ballar og hoppetau

Stripete hoppetau med blå handtak.
Eg lærte aldri å hoppa
med kryssa armar,
eller ta doble rundar med tauet,
men det gjorde ikkje så mykje.

Solfrid si mor let oss leika med mat på altanen
med bordet og dei små stolane
Me laga suppe
til oss og dokkene
av vatn og brød
og ei tynn osteskive
som Solfrid fekk i skåla si.

Halli hallo, inn, ut
jentenamn, gutenamn,
blomar og land,
medan me dabba store prikkete ballar

Kongen i hålå,
og Kari Mari krigsmann,
døden skal du lide.

Med ilande uhygge song me
om den sorte gryte,
og skunda oss under brua av armar
og samanfletta hender.

Min mann Mass,
døde stille på dass,
med dolokk i hånden,
forlot han ånden.

Ofte var me takknemlege
for at me framleis kunne seia fritt for lov,
og bli usårbare.

*

4

Med høg hestehale og vidopne auge

Ein gong var eg
ein veldig liten observatør av livet
med høg hestehale og vidopne auge,
med øyre som tok inn alle frekvensar,
dei vaksne ikkje visste at eg hadde antenner for.

Ein fire år gammal spion
midt i vaksne samtalar
som prøvde å fanga orda,
dei som ofte betydde meir enn dei sa.
og ikkje alle ord vart sagde høgt.

Eit barn med nervetrådar utanpå kroppen
som framleis bereknar funna sine,
nesten seksti år seinare.
og prøver å forstå.
Medan sekunda tikkar vidare.

*

5

Ein gong var du Rødhette

Ein gong var du Rødhette,
korg over armen full av konglar,
kåpe med spiss hette.
Skogen som var mindre enn nokon skulle tru
ser du ikkje for bare tre.

Du går der med tanker om moglege ulvar,
og som alltid med blikk for tyggisar
som kanskje kunne skrapast av asfalten,
eller plukkast frå skogbotnen,
og tyggast mjuke med innlagd spytting av småstein.

Kanskje er det ulvar langs hovudvegen og,
der det bare kanskje er lov til å gå,
med gummistøvlar eller brune støvlettar.
mot bilane som kan kjøra på små barn
om du ikkje går forsiktig?

Så du går forsiktig og veit det er farleg,
langs vegkantar, med støvete sjokoladepapir
og sigarettsneipar.

Forbi dei brune stolpane
som luktar så godt av tjøre,
der ein kan klatra i med stolpesko
om ein er elektrikar
eller kanskje jobbar i televerket.

Bilane kjører forbi
med nummerskilt fulle av tall
du kanskje skal skriva ned
i oransje notisbøker
når du blir eldre
og liker å skriva tal.

Du vandrar mellom store gutar
og bestefedre på syklar
med sykkelklyper og sidetasker.
Eventyrlysten og forviten
på alt du framleis ikkje veit så mykje om.

*

6

Me samlar på glans og papirdokker

Me samlar på glans og papirdokker,
lagar kveitemjølsklister i hankelause koppar,
og snurrar store knappar på tråd,
medan me lagar vogger og kråketær
med ulltråd mellom flinke fingrar.

Me går tur med hunden
med gamle jojoar frå Coca Cola og Fanta,
dei av oss som blir flinke nok til å læra oss kunsten.

Medan Esso stasjonen reklamerer for ein tiger på tanken,
og kan selja deg ei stor og tigermønstra badebukse
dersom du er gut.

Me blir blå på handledda
av kunsten å klikka klikk-klakk-kuler,
og lar hopperingen med kule gå rundt og rundt,
sjølv om mor til Grete Iren hadde høyrt
at ein kunne få hofteskade av det,
mor og ho vart einige om at faren ikkje kunne vera stor.

Det ville vera rein løgn å hugsa
at eg kunne hiva opp ballar og sjonglera
tre om gongen eller to med ei hand,
men nå i diktet kan eg kanskje unna meg å klara det,
nesten ingen ville kunna avsløra meg.

Eg vart aldri spesielt flink til å hoppa spring,
slo aldri hjul over enkel strikk på strak arm,
hadde meir enn nok med å få til «det vanlege spelet»
når strikken var i lårhøgde,
og fekk i grunne aldri heilt teken på «baklengs dra».
Kanskje eg ikkje prøvde hardt nok?

Men noko fekk eg då til.
Me laga hus med do og kjøkken,
eg og Grete Iren,
på ei mark der ingen budde,
og togg kjekt på tyggiklyser  skrapte opp frå gata,
eller dei heimelaga av gammal tjørepapp.

*

7

Me song fleirstemd med Liv Godin

Me song fleirstemd med Liv Godin
ho som viste oss filmar frå Kongo
der ho alltid gjekk med tropehjelm.


Ho stilde oss opp midt i alle slags timar
og dirigerte songen etter tonehøgdeprinsippet.

Me broderte dukar på stoffbitar
frå mannen sine avlagte bukser,
Jacques Godin, belgisk misjonær
eit pust frå den store verda.
Ho var tidleg ute med redesign,
sikkert førti år før læreplanane.

Hundebo gjekk framleis i gangane
med lagerfrakk og sandalar
om kveldane dreiv han biblioteket.

KB Lima var sjef og skulestyrar
og let meg lesa tekst på brosjyrar
frå Trygg trafikk
på bokmål og nynorsk
den dagen eg skreiv meg inn på skulen,
seinare enn alle andre,

fordi mor oppdaga det for seint.


Noreg har mange born,
men ingen å missa.

Eg las Norge
sjølv om eg såg det stod Noreg,
Det var nok ein stavefeil,
eg visste jo ikkje at nynorsk eksisterte.
Eg skamma meg i vekevis etterpå.
Eg skulle jo bare visa skulstyraren at eg kunne lesa.
Kanskje han vart i tvil?


Eg, ein vandrar gjennom dei første friminutta
såg og observerte dei store og flinke
i klatrestativ, fotball og leik
og sugde til meg livet
i skulegarden på Ålgård skule.

Eit spennande teaterstykke på ein stor asfaltscene.
Eg prøvde å vera usynleg
for ikkje å forstyrra forestillinga.

Det let seg gjera heilt til eg åt eit eple
med ein veps på
som gav meg vepsestikk på halsen.

Nokre av dei andre i klassen
kunne rampete vers eg aldri ville våga å framføra.
Anne på landet, tiste i spannet,
og politi Margeri, dreid i bokså klokkå ti.

Tenk om eg hadde sagt det siste
og lensmann Auestad tilfeldigvis hadde kome forbi
med det store smilet sitt og høyrt kva eg sa.

Eg raudna varmt og heftig bare ved tanken.

*

8

Stjerneauge og blussande kinn

Det finst alltid ein stad der inne
ei lita jente med stjerneauge og blussande kinn,
ei lita jente med eit litt såra drag over panna,
men med modig blikk
mot det ho trur skal koma.

Kanskje nokon flettar håret hennar akkurat nå,
og bind himmelblå silkeband nederst på flettene
sløyfeband med svidde kantar.

From → Uncategorized

One Comment
  1. Anne-Sissel Bergum's avatar
    Anne-Sissel Bergum permalink

    å som jeg kjenner meg igjen i dette. Hilsen Anne Sissel

Legg att svar til Anne-Sissel Bergum Avbryt svar