Gå til innhald

6. dagen i mai

mai 6, 2026

Det er sol ute, det er ikkje veldig varmt, men sola skin. Då kan me leva med at gradestokken ikkje kryp høgare opp enn til ni grader. «Sakta, men steg för steg går det framåt, det måste man tro», som Märta Tikkanen skriv i «Århundredets kärlekssaga.»
Sakta, men steg för steg prøver me å gjera hageflekken, terrassen og huset klart for sommaren. Det er ikkje slikt me er flinkast til, men hagen er veldig liten. For ikkje så veldig mange år sidan bygde me ei hagestove med glasskyvedører på terrassen. Nokre år har det nesten fungert som drivhus for Leif sine tomatar, agurkar og chili, men i år blir det mest utestove. Dei fine putene med markblomar, med heimesydde trekk, som me hadde arva etter svigermor, var blitt bleika og medtekne av mange år i skarp, sol, så på laurdag var me innom Ikea og handla med oss litt nye putetrekk. Det kom seg med det same saman med litt støvsuging og vasking. Rotet rundt får bli neste steg. Nå lurer me på å kjøra til eit hagesenter og kjøpa spanske margeritter, for i følgje far er det takknemlege blomar å begynna med i utepotter når veret framleis er kaldt. Det hadde jo vore fint med litt blomar. Eg har fått både oransje stemorsblomar og ein stor rosa hortensia i gave i sist veke, men dei får foreløpig bare vera ute på dagtid…

I går tok eg sykkelen for første gong for å sykla til sentrum etter sjukehusopphaldet. Det var pusteproblema etter å ha sykla opp ein motbakke som fekk meg på legevakta sist eg var ute og sykla, og plutseleg kjende eg ein litt panikkaktig følelse då eg skulle bruka sykkelen. Tenk om det same hende igjen, og så var me like langt… Sjølv om eg visste at det var ein heilt irrasjonell tanke, så ende eg faktisk med å sykla ein omveg utan motbakker. Heldigvis gløymde eg meg av, og tok den vanlege vegen heim, og det gjekk heilt fint. I den grad ein klarer å observera seg sjølv frå utsida, så er kroppslege reaksjonar ein studie verd. Eg fann ut at det nok var lurt at eg hadde bestemt meg for å halda meg heime i helga, for etter ein liten handletur med sykkel og kafebesøk med tidlegare kolleger, var eg meir sliten enn eg hadde trudd. Så skulle eg ut igjen i «syforening» om kvelden, men der vart eg henta og kjørt til døra etterpå. Kvelden var veldig koseleg og det å vera i lag med andre ser det ikkje ut som eg blir sliten av. Me åt deilig suppe med nybakt brød og store mengder jordbær etterpå. Synet av jordbær får eit eller anna inni i oss til å nesten tru at det er blitt sommar.

Skriving blir eg heller ikkje trøytt av. Eg er så priviligert at eg samarbeidar med mange flinke musikarar. I forigårs fekk eg ein fin melodi frå Arne Martin på ein salme eg hadde skrive, og i dag fekk eg ein nydeleg melodi frå Trond. Eg kjenner meg kjempeheldig kvar gong det bare ligg ein ny melodi på mobilen. Sidan eg ikkje utan vidare les noter så godt, får eg som regel ei lydfil i tillegg, og så er det bare å lytta i spenning. Det neste prosjektet trur eg blir ein salmetekst som så vidt har begynt å svive i hovudet mitt som eg vil at Anne Kristine skal setja melodi til. Det å jobba med salmar er ei stor glede. Etter konsertane for snart tre veker sidan spurde fleire om eg hadde gitt ut ei bok med salmetekstane og melodiane dei har fått. Det har eg ikkje gjort, men eg har tenkt mykje på at det kunne ha vore fint. Det som gjer det litt problematisk er dette med rettigheitar. Eg kunne nok blitt einig med dei som har laga melodier om korleis det kunne ordnast, men eg er usikker på korleis det er når noko er gitt ut som notar på ulike musikkforlag. Mistar ein på ein måte retten til å forvalta eige åndsverk, som det så fint heiter på fagspråket? Slike ting er eg ikkje flink til å setja meg inn i. Det eg veit er at det etter kvart har blitt mange tekstar som har fått seg melodiar. Nokre av dei har eg nesten heilt gløymt når eg tilfeldig finn dei ein plass og blir minna om eksistensen på desse. Eg er litt som eg var i skulen. Det er kjekkare å laga noko nytt enn å jobba vidare med noko ein har laga tidlegare.,,

Kanskje tida er komen for dei spanske margerittene? Så kan det vera det blir tid til litt tekstskaping etterpå før eg skal ut ein tur igjen i kveld.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget