Åttande mai-26


I dag har eg leika skreddar. Det viste seg at det ikkje skulle store justeringar til før Karendraktene som svigermor broderte og sydde til Ingrid og Sunniva skulle passa til Iben og Hella. Iben har brukt den minste til nå, den største er ikkje blitt brukt sidan sist Sunniva brukte ho for tjue års tid sidan. Eg trudde det kanskje var nødvendig å spretta begge heilt opp og montera på nytt, men til mi overrasking så passa dei nesten slik dei var.
Nå håpar eg at dei passar, me skal snart bort for å vera barnevakt i nokre timar, så då kan me finna ut om prosjektet kan reknast som fullførd. Dersom nokon som verkeleg er sømkyndige kikka nære etter, så er det heilt klart amatørarbeid, men det viktigste er at dei heng fint på kroppen som skal bera dei. Eg har aldri teke meg råd til å leiga inn fagkyndige, så draktene har vore gjennom nokre rundar med kreativt amatørskredderi dei tretti åra me har hatt dei. Dei er jo heller ikkje nye lenger, men det gir i beste fall sjel til klesplagg at dei er godt brukte.
Til arbeidet i går og i dag har eg lytta til den første boka i Jon Fosse sin septologi, «Det andre namnet». Eg trudde at eg hadde lese dei to første bøkene, men det viste seg at eg blanda med nokre andre av Fosse sine bøker. Nå er eg etter ti timar i hamn med den første boka, og gler meg til å høyra vidare. Det første kvarteret kjendest boka veldig stilleståande, men etter kvart vart eg sugd inn i den rolege pulsen og dei mange gjentakingar, og kjende meg nesten inne i sjela til hovudpersonen Asle. Lydbøker er ein fin ting. Då kan ein kombinera leseoppleving med anna som skal ordnast.
Det er åttande mai og frigjeringsdagen. Ein god dag for å tenkja fredstankar og be om gode og fredelege tider både for folk og land og for resten av verda.
Heidi