Gå til innhald

Skrive den sjuande mai

mai 7, 2026

Så fekk eg brukt gavekortet mitt på Wiig gartneri. Me haldt oss til spanske margeritter og stemorsblomar i fine fargar fordi dei skal vera spesielt hardføre, og i dette hjørnet av verda er det ikkje så lett å garantera sol og varme.

I går var eg og i lag med ein gjeng fantastiske damer, og eg veit nesten ingenting som eg trur må vera betre for helsa enn det å le høgt og lenge, vera med i samtalar om slikt som engasjerer, og å vera i lag med varme, kloke menneske som vil kvarandre alt vel. Det at ein har gått nokre mil saman gjennom år med solskin, svingar og motbakkar slik at ein er kjend i kvarandre sine historier er og ein fordel.

Eg spontanskreiv akkurat eit dikt om sterke damer ein kan lena seg mot, så her kjem det ferskaste diktet eg kan klara å spa opp.

Damer med varme supper,
lys i auga og på bordet
med nysteikte rundstykke,
gult smør og lyttande øyre
skal ein aldri undervurdera.
Det er slik livet,
komande generasjonar,
og generell kvinnehelse
blir løfta og boren vidare
på sterke armar
heilt over i gleda,
gleda, tryggleiken og handlekrafta.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget