Gå til innhald

Niande mai

mai 9, 2026

Eg sit her og blar litt i maibloggane mine. Eg ser at mai har vore ein månad for reiser. Det er innlagde turar både til Oslo og til Hamar og til andre stadar. I år skulle eg ha vore ei maihelg i Oslo og ei på Hamar. I år vart det slik at helgene vart heime i staden, og det kjennest heilt greitt. Reisa kan eg gjera andre år, og her heime kan ein reisa i både bøker, kvardagar og sitt eige liv. Eg har forresten planar om ein gild tur i begynnelsen av juni, og den burde det absolutt kunna bli noko av.

Nå er hagestova rydda for sommaren, og i haust hadde eg stor glede av å sitja der ute og skriva førsteutkast til dikt og salmar. I dag tenkte eg at det kunne vera dagen for å innvia skrivestova for ein ny sommarsesong. Eg sat der med skrivebok og penn og eit stort krus varm havresuppe fordi det var ganske kjøleg ute. Der sat eg medan det regna på glastak og glasvegger og fekk skrive ein tekst eg har tenkt at eg skulle skriva. Etter ein liten time måtte eg trekkja inn att i varmen, fordi det vart i kjølegaste laget å vera der utan yttertøy. Det som er veldig fint er at sommarblomane me planta ut har klart seg utmerka så langt sjølv om det ikkje har vore så mange varmegradene dei siste nettene.

Elles så har eg kost meg litt med symaskinen som stod framme frå i går. Det er kjekt å sy når eg bare har tid til det. Til nå har det blitt mest småting som dokkeklede og anna som er så lite at det ikkje er ei stor ulukke dersom det ikkje er vellukka, men eg kjenner at det kunne vera kjekt å prøva seg på noko litt meir utfordrande. Kanskje eg kan sy noko til barnebarna eller kanskje ein kjole til meg sjølv, me får sjå.

Jon Fosse sin septologi har surra og gått dei siste døgna. Så lenge eg ikkje held på med ting som treng at eg må konsentrera meg om tankane, sånn som skriving, så får Jon Fosse sine ord forma tankane i dei romma eg er i. Eg blir meir og meir fascinert over historien og gjer meg tankar om «doble personar» som Asle og Asle og Guro og Guro. Det blir spennande å sjå vidare kor historiane tek meg. Eg let meg spesielt inspirera av Asle sine tankar om Gud, og dei nøyaktige skildringane av måten Asle ber på, både når han sit med rosenkransen i handa og ber Fadervår og Salve Regina på latin, og når han ber den ortodokse Jesus-bøna medan han pustar inn og ut på bestemte stadar. Det merkelege er at ein etterkvart identifiserer seg med den kanskje nokså sære hovudpersonen Asle, som har ein namnebror som og er biletkunstnar og som held på å drikka seg i hel. Eg tenkjer at Asle- figuren i ganske stor grad må ha biografiske trekk frå forfattaren.

Ein annan ting eg gler meg til er neste arbeidstrinn med diktsamlinga som eg reknar med å gi ut til hausten. Eg har veldig mykje «råmateriale», mykje meir enn det som får plass i ei diktbok. Kunsten nå blir å velja ut kva eg vil ha med og å arbeida vidare med ord og formuleringar til eg i beste fall blir fornøgd med eigne uttrykk. Det å jobba skapande er veldig spennande.

Her kunne eg kanskje skryta litt av i går kveld fekk me den første Gullruten-prisen i familien. Halvard og teamet hans fekk prisen for beste humorprogram med Hellerudsvingen. Sjølv om serien ber preg av at sjefsanimatøren ikkje har teke med mor si på råd, så er det kjekt at han lukkast med det skapande arbeidet han har lagt så mykje arbeid ned i. Han har våga å leva av kreativt arbeid som den einaste i familien sjølv om fleire av oss andre og kanskje kunne ha tenkt oss å gjera det, utan heilt å våga å gå for det.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget