Gå til innhald

Sundag ein annleisdag

mai 10, 2026

Sundag 10. juni -26

Då eg var lita var sundag ein annleisdag. Då tok folk på seg sundagsklede og åt sundagsmiddag, – steik eller kjøttkaker med erterstuing. På sundagar skulle ein ikkje henga ut klesvask, slå graset eller jobba i hagen. Mange meinte og at ein ikkje skulle strikka eller gjera anna handarbeid, og husvasken skulle gjera unnagjort før sundagen kom. Om føremiddagen gjekk eg heile barndomen på sundagsskule, slik dei fleste andre barn eg kjende gjorde. Etter tidleg sundagsmiddag var me på sundagstur, besøkte nokon, eller gjekk på besøk sjølv, og dei fleste hadde bakt kake dei kunne servera. Om vinteren hadde me ofte sundagskveldsmat med varm kakao og ein boks sardiner i tomat på brødet for å toppa måltidet.

Nå har mykje forandra seg. Dei fleste vaksne har så travle timeplanar at sundagen kan trengast til å få gjort unna slik ein elles ikkje rekk. Det som framleis heng att er at dei fleste butikkane er stengde på sundagar, men dette er og noko som blir diskutert med jamne mellomrom. Ville ikkje sundagen ha vore ein god dag for shopping og storhandel for veka som kjem?

Som lærar gjennom veldig mange år er ein av godene med å vera AFP-ar at sundag ettermiddag kan koma utan at ein treng å tenkja skule. Sjølv om eg alltid prøvde å ha veka klar fredag kveld, så var det alltid litt å tenkja på og ordna.

Heime hos oss i Kong Sigurds gate har sundagen stort sett vore kyrkjedag. Dei fire barna våre vart tekne med til gudsteneste frå dei var nesten nyfødde. Eg håpar at dei i etterkant hugsar dette som litt fint og høgtideleg sjølv om det var noko dei ikkje fekk velja sjølv om dei ville bli med på før dei hadde gått nokre år på skulen. Det var gjort i kjærleik, og eg trur framleis eg er einig med meg sjølv at det var fint å gjera dette saman. Då barna var små var me ofte på besøk, hadde besøk eller gjekk på sundagstur med andre familiar slik det var i min barndom.

Nå desse siste åra når tida har blitt romslegare er me blitt meir bevisste på at det er fint å ha sundagen som ein annleisdag. Det er framleis ein kyrkjedag, og nesten alltid har eg mormorjentene med til kyrkje og sundagsskule, noko dei har likt å vera med på, sundag føremiddag er blitt vår fellestid. I kyrkja mi er det som regel mange barn, og sundagsskulen er slik at dei fleste barna har med seg ein vaksen ned dit til forteljing, song, teater, leik, spel og formingsaktivitetar, så det fungerer som ein viktig del av gudstenesten både for barn og vaksne. Eg trur det er sunt for oss å ha ein dag då me kan ta det litt rolegare og ein dag der ein kan kosta på seg å la vera å gjera oppgåver og arbeid som ikkje er lystbetont. Det er noko med den bibelske sabbatstanken som eg trur gjer godt for menneskekropp og menneskesjel. Sjølv synest eg det er veldig koseleg å vera mange rundt bordet på sundagar og ha tid for storfamilie og sosialt samver.

I dag blei det TV-gudsteneste på meg. Eg var med på gudsteneste i ei misjonskyrkje i Oslo. Det var fint. For dei som ikkje har som vane å gå til kyrkja anbefalar eg verkeleg å slå på NRK P1 sundag klokka elleve og få høgtid, song og ettertanke inn i stova. Her er terskelen låg om nokon skulle oppleva at terskelen til den lokale kyrkja kjennest høg.

I dag hadde eg og Leif veldig ulike gudstenesteopplevingar som de kan lesa av bileta øverst. Eg fekk med ein fin fjernsynsgudsteneste, mens han var i Roma og fekk velsigning og tale frå sjølvaste paven. Han talte på italiensk, så kanskje eg trass alt fekk den største verbale opplevinga. Når det gjeld resten av pakken, så veit eg godt at det er umogleg å konkurrera med han akkurat i dag.

På min gudsteneste var det solosong av ein tekst eg er veldig glad i. Eg trur ho song den norske versjonen, men eg skal sjå om eg ikkje finn den svenske originalteksten. Den får stå som ord eg har lyst til å dela ein fin sundag i mai. Nå skal eg sjå om eg får meg ein liten tur ut, og så blir det vaffelsundag i stova om nokre timar.

Innan gryningen

av Ylva Eggehorn

Millenniepsalm

Så kom du då till slut, du var en främling,
en mytgestalt som jag hört talas om.
Så många hade målat dina bilder
men det var bortom bilderna du kom
Vi trodde du var användbar, till salu,
vi skrev ditt namn på våra stridsbanér,
vi byggde katedraler högt mot himlen
men du gick hela tiden längre ner.

Du är ett barn som ligger på ett jordgolv
du fryser om vi inte griper in.
Du rör vid kroppar, hatar orättvisor,
du bjuder älskande på moget vin.
Du stiger ut ur alla tomma gravar
du är en vind som säger: det blir vår!
Du kommer som en flykting över bergen
du följer oss dit ingen annan når.

Du är den sång om livet som jag glömde
den sanning jag förrådde dag för dag.
Jag svek mig själv; den spegel som jag gömde
bär dina bråddjup, dina anletsdrag.
Kom närmare. Bli kvar hos mig. Det mörknar
och kanske ljusnar det på nytt igen.
Ditt liv ska bära mig; jag hör en koltrast
som sjunger timman innan gryningen.

koltrast

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget