Ellevte mai

I går skulle jentedraktene vera klare til bruk, for då var det konfirmasjon. Dei opprinnelege skjortene i ubleika lerretsstoff har ikkje overlevd, så i staden vart det kvite skjorter kjøpt til ein rimeleg penge. Me får sjå om eg syr nye, men eg tenkjer at det er lov å bruka det ein har. Det er i alle fall kjekt å få dei i funksjon nå når det er to nye jenter som kan bruka dei etter mamma og tante Sunniva, og så er det koseleg å ha tre like jenter. Viss Sunniva hadde vore der kunne dei ha vore like alle fire.
Eg broderte Karendrakter til Ingrid og Sunniva til konfirmasjonen, men dei er profesjonelt monterte. Med barnedraktene er det motsatt. Eg hadde kjøpt dei inn og skulle brodera sjølv etter å ha arva litt pengar frå bestemor. Med jobb og fire barn og dei to yngste framleis veldig små innsåg at eg ikkje hadde nok tid og kapasitet til å få fullførd det eg hadde sett meg føre. Heldigvis hadde eg ei snill og sykyndig svigermor som tilbaud seg å gjera jobben for meg. Odd Christian si gutedrakt med jakke, vest og skuggelue broderte eg sjølv. Så har eg brodert dåpskjole på silke med kvit tråd i det same mønsteret før Iben kom til verda. Det var kjekt og arbeidskrevjande. Dåpskjolen frå Leif sin familie som mine barn vart døypte i hadde vore i bruk i over hundre år. Den var veldig fin, men stoffet var så skjørt at ein kunne sjå gjennom det, så det var på tide med noko nytt. Då eg var sånn ca tjue år og broderte kaffidukar framleis var stort begynte eg på ein stor og fin duk med all slags markblomar på. Eg mista totalt gnisten då eg forstod at eg hadde teld feil ein plass og at mønsteret blei feil plassert. Han ligg framleis i ein plastpose med mønster og store mengder brodertråd, så kven veit om eg vender tilbake til oppgåva ein vakker dag. Problemet nå er at eg i grunnen aldri bruker broderte dukar, eg har mykje fint og arva liggjande i skuffene på ein gammal kommode…

I dag har Torhild og eg hatt arbeidslunsj heime hos meg. Me hadde to arrangement me skulle planleggja, og i dag passa det å treffast. Det siste året har me hatt ganske mange oppdrag saman med piano, dikt, solosong, salmar og forteljing. Det er veldig kjekt å samarbeida på den måten får me til meir enn kvar av oss ville gjort aleine. Noko av det me har gjort før kan brukast om igjen, men oppdraga er veldig forskjellige, så det er naturleg at programmet blir forskjellig og. Me liker og å gripa fatt i årstidene me beveger oss gjennom, og adventssalmer eller haustdikt passar ikkje så godt i mai eller juni. Me har kjend kvarandre sidan me var fem og seks år og flytta inn på det same byggefeltet på Ålgård, så det er kjempekjekt at me framleis er nære venninner og gjer ting saman.
Elles så klarte eg å koma meg ut på tur. Eg har veldig tru på at det å koma seg ut og gå i ein times tid er veldig sunt sjølv om ein ikkje har hund. Framleis ville det vera ei veldig stor overdriving å kalla meg sprek, men kanskje eg blir det ein dag? Me kjem stadig i nye faser, og kanskje det er greitt å tenkja at ting ikkje treng å vera slik dei alltid har vore? Eg skal ikkje proklamera at eg om tre år skal gå over Hardangervidda på ski, eller springa London maraton, men viss ein verkeleg vil noko, så er det mykje som kan la seg ordna. Nå er eg så barnsleg at eg sit her med eit stort smil i tilfelle nokon skulle kjenna meg så pass dårleg at dei trur eksempela er bokstaveleg meint…
Noko eg faktisk har ein viss kondis i er boklesing. Det å få lese opp bøker for seg er heller ikkje feil. Nå har eg under 55 minutt att med opplesing før eg er gjennom Septologien av Jon Fosse. Eg har lytta med meir og meir intens leseglede, og nesten gruar meg litt til å bli ferdig, samtidig som eg tenkjer at eg faktisk kan rekka det i kveld dersom eg bare tek ein litt ekstra sein avrunding på denne. Eg anbefalar Jon Fosse i lydbokform. Eg syntest denne sjudelte romanen gjorde seg veldig godt i dette formatet.
I kveld leita eg meg fram til TV-serien «Hodet over vannet», som handlar om hjernesjukdomar. Det farlege med å ikkje vera bunden til gammaldags linjær- TV er at ein kan bli sitjande og sjå ein episode til. Eg vart sitjande med rosa strikketøy gjennom heile sesong ein. Dei tre hovudpersonane i serien har demens, psykose og spelegalskap. Eg visste faktisk ikkje at spelegalskap var klassifisert som ein hjernesjukdom. Det er modig og sårbart av desse tre å stå fram med sjukdomane sine. Eit kamerateam hadde fått fylgja dei gjennom to år. Eg har stor tru på openheit og ærlegdom når ein snakkar om livet og alt det gode og vanskelege som høyrer med, og eg synest at dei som hadde laga serien møtte problematikken og einskildmenneska på ein respektfull og god måte.
Heidi