Tolvte mai

Av og til opplever ein ting som kjennest som surrealistiske, magiske eller heilage alt etter kva ord ein måtte oppleva å bruka på det.
Nokre gonger kjenner eg at det som for meg kjennest veldig spesielt kanskje kan virka veldig kvardagslege frå utsida. Nå skal de få historia om noko som har skjedd meg det siste døgnet.
For to dagar sidan la eg ut teksten «Innan gryningen» av Ylva Eggehorn, Ein tekst eg har likt veldig godt sidan første gongen eg høyrde han. Grunnen til at eg la han ut var at eg hadde høyrd denne songen som solosong på TV- gudstenesten, og tenkte at den ville eg dela med dei som las her.
I går då eg og Torhild hadde planleggjingsmøte før eit par opptredenar foreslo eg at ho kunne synga denne salmen. Me fann ut at den svenske teksten kanskje var litt vanskeleg å forstå når ein høyrde han sungen. «Eg syng han bare viss du omset teksten til nynorsk,» sa ho. I går kveld tenkte eg at det kunne jo vera spennande å gjera eit forsøk. Svensk og nynorsk er jo nærare beslekta enn svensk og bokmål. Eg sette i gang, og syntest i grunnen at det fall forunderleg lett. Eit par stadar vart det litt vanskelegare, og eg tenkte at det får eg sjå på i morgon tidleg. Då eg sette meg ned og det var ny dag visste eg plutseleg korleis eg ville ha det, og etter ti-femten minutt sende eg teksten frå meg til ho som hadde lova å synga dersom han kom på nynorsk.
Eg tenkte at eg burde kanskje spørja forfattaren sjølv før eg brukte omsetjinga mi, men korleis skulle eg få tak i henne. Eg gjekk inn på facebook og tenkte at eg kunne sjå om ho var der slik at eg kunne bruka messenger. Jau, då, der var ho, om det då var ein ekte profil… Eg sende ut ei helsing og teksten eg hadde skrive. Eg trur det gjekk omtrent ti minutt før eg fekk ei uvanleg vennleg og positiv melding tilbake. Visst kunne eg få bruka teksten, ho likte omsetjinga mi og var veldig glad i nynorsk. Ho trudde ho hadde sett ein nynorsk versjon før ein gong, men uansett så måtte eg bare bruka den eg hadde laga.
Eg vart nesten litt det dei som er yngre og kulare enn meg ville kalla «star-struck», på godt norsk. Eg har lenge tenkt at tekstane til Ylva Eggehorn er noko av dei finaste eg veit, og det å bli møtt på ein slik måte betydde mykje for meg. Nå deler eg frimodig mi nynorske omsetjing i tilfelle nokon andre kan ha bruk for ho.
***
Så kom du då til slutt, du var ein framand,
ein mytisk mann eg høyrde talast om.
Så mange hadde malt bilete av deg,
men det var bortom bileta du kom.
Me trudde du var anvendbar som vare,
på krigsbanner fekk namnet ditt bli med.
Me bygde katedralar høgt mot himlen,
men du steig heile tida lenger ned.
Du er eit barn som ligg her på eit jordgolv,
der frys du om me ikkje snart grip inn.
Du rørar kroppar, hatar svik og urett,
du byr dei elskande på mogen vin.
Du sjølv stig ut av alle tome graver,
du er ein vind som lovar det blir vår.
Du kjem hit som ein flyktning over fjella,
du fylgjer oss dit ingen annan når.
Du er ein song om livet som eg gløymde,
ei sanning eg forrådde dag for dag.
Eg sveik meg sjølv, den spegelen eg gøymde,
bar dine brådjup, dine andletsdrag.
Kom nærare, ver hos meg nå, det mørknar,
og kanskje ljosnar det på ny igjen.
Ditt liv skal bera meg, nå syng ein svarttrost
snart fargar morgongryet himmelen.
Heidi