Gå til innhald

Kristi himmelfartsdag

mai 14, 2026

Når eg ser lam ute om våren, får eg alltid lyst til å fotografera dei. Det er noko veldig rørande med lam. Dette biletet er teke i full fart med mobilen på litt avstand, men det får fungera som illustrasjonsbilete. Eg synest nok dei er endå finare utan øyrepynt, men det er ein annan ting.

«Herren er min hyrde, meg fattes intet», las me på skulen. Det var i gamle dagar, og eg gjekk faktisk i bokmålsklasse sjølv om eg har konvertert etter kvart. «Han lar meg ligge i grønne enger. Han leder meg til hvilens vann».

Eg er mellom dei som nesten lar meg berusa av alt det grøne i mai månad. Først av grøne blad, og så etterkvart av grøne enger. Det er så utruleg sterkt og vakkert å sjå alt bli grønt og vakna til nytt liv og ein ny sommar. Det å gå ein tur ut er som å la seg bera av grønfargar og av naturen. Det har vore ein kald vår her på Jæren, så i år har alt nesten eksplodert på austnorsk vis. I staden for lang og forsiktig «våring» har alt av grønt eksplodert på nokre veker, ja nesten i løpet av dagar. Ikkje heilt optimalt for pollenallergikarar, men nesten som eit mirakel for auget.

I går starta dagen med at me høyrde song og høge rop ute frå vegen. Me gjekk for å sjå, og såg barna frå barnehagen rett borti gata marsjera forbi med flagg og fane, for å feira litt tidleg 17.mai. Me gjekk ut på verandaen og i beste konge- og dronning-stil ropte og vinka me til barna og dei tilsette. «Kven er det?» spurde ein liten gut den vaksne han gjekk på sida av. «Det er ein mann som var far i barnehagen før.» svarte den vaksne. Eg vart litt varm i auga over svaret. Visst var me mor og far i barnehagen i mange år, sjølv om det er sånn omtrent 25 år sidan me henta yngstemann heim for siste gong. Den gongen var barnehagen liten og raudmalt med ein etasje, nå er han blitt mykje større.

Utpå dagen fann eg ut at eg måtte koma meg ut i alt det grøne for å få litt luft og trim. Då møtte eg skulekorpset frå skulen i nabolaget som var ute og marsjerte for å øva til 17.mai. Eg blir alltid litt overvelda av kjensler når eg ser skulekorps øva. Eg er svak for skulekorps. Eldstemann i heimen spelte i korps i mange år, sju år trur eg det blei. Først spelte han althorn, så bariton og eufonium. Kunsten var å prøva å unngå gnagsår på nasjonaldagen, korpset spelte i tre- fire tog, trur eg. Nokre år var det så kaldt at det var hanskar og ullundertrøye under den blå uniformsjakka. Eit år var det så varmt at dei marsjerte i kvite skjorter med raud tversoversløyfe og raude magebelte då me kom så langt som til folketoget. Med ein liten klump i halsen sykla eg vidare.

Ved busstoppet såg eg at det stod tett i tett med russ. Elevane på eit trinn der eg var spesialpedagog i tre år er russ i år. Det var så mange menneske på fortauet at eg gjekk av sykkelen for å leia han forbi ungdomane. Eg tenkte at ungdomar på veg til russefest kanskje ikkje ønska så mange barneskulelærarar spaserande forbi, så planen var å passera dei litt diskret. «Hei, Heidi!» høyrde eg frå ein gut. Sekundet etterpå fekk eg ein varm klem. «Heidi, så fint å sjå deg!» Fleire helste smilande. Eg fekk ønska dei ein fin kveld og ei gild russetid.

Så møtte eg ein eg kjenner frå kyrkja som sa at han var glad for å sjå at det gjekk så godt med meg. Så mange fine folk eg kjenner, og så fint det er å bu ein stad der mange kjenner kvarandre og har omsorg for kvarandre. Eg sykla ein tur i skogen, det var så fint ute og lukta nysprungne lauvtre og krydder. Etterpå trong eg ein liten pause og var innom kjøpesenteret for å kjøpa noko å drikka. Der traff eg to glade jenter som eg var lærar for heilt til mindre enn eit år sidan. Dei kom og for å klemma og kunne fortelja meg at det gjekk bra på ungdomsskulen.

I dag har me hatt ein fin helgetorsdag som det eigentleg heiter på nynorsk. Me såg katolsk messe på youtube streama til fjernsynet vårt der biskop Erik Varden forretta. Så hadde me lang og triveleg lunsj med Torun som er på besøk hos far sin denne helga. Eg og Torun gjekk ein tur rundt Tjødnå i lett vårregn. Det luktar så godt ute når det regnar i mai. Etterpå gjekk eg heim og kokte ei stor gryte kyllingsuppe. Ingrid, Oddvar og jentene kom innom oss ein liten tur, og så kom Eva Mari, Henrik og hund. Dei skal vera hos oss til over 17.mai. Det blir fint.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget